HeimBarnehageBehov for tilpassa tilbod?

Behov for tilpassa tilbod?

Meldefrist

Det er ikkje meldefrist. Du kan melda frå om behov for individuell tilrettelegging i barnehagen heile året.

Slik melder du frå

Fyll ut skjemaet saman med ein tilsett i barnehagen.

Trykk her for meldeskjema - behov for kommunal tilrettelegging i barnehage

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kva får du?

Barnehagen skal tilpassa tilbodet for barn som treng ekstra støtte i ein kortare eller lengre periode. Det kan vera snakk om sosial, pedagogisk og/eller fysisk tilrettelegging. Tilbodet blir vurdert og justert om behova endrar seg.

Kva seier lova?

Barnehagelova § 37 skildrar retten til eit individuelt tilrettelagt barnehagetilbod.

Trykk her for å lesa kva lova seier.


Sist oppdatert: 14.05.2024
Publisert: 30.05.2018