HeimKultur og aktivitetBorgarleg vigsel

Borgarleg vigsel

Før du tar kontakt med kommunen

Før de giftar dykk, må Skatteetaten sjekka om de oppfyller krava til ekteskap.

Trykk her for å gå til Skatteetaten sin rettleiar for vegen til ekteskapet.

På heimesida til Skatteetaten kan de fylla ut dei skjema som skal til for at Skatteetaten kan senda ein såkalla «prøvingsattest» i retur til dykk.

Det er viktig å merka seg at:

  • Prøvingsattesten er gyldig i fire månader og må vera gyldig den dagen de skal gifta dykk.
  • De må senda den originale prøvingsattesten til kommunen, ikkje ein kopi.
  • Prøvingsattesten sender de til:

Samnanger kommune 
Tyssevegen 217
5650 Tysse

  • Merk brevet med «vigsel». De kan også levera attesten på servicesenteret på kommunehuset på Tysse.  

Slik bestiller du tid

Ta kontakt med kommunen, enten skriftleg eller på telefon, dersom de ønskjer borgarleg vigsel. 

Servicesenteret: 

Kvar og når skjer seremonien?

Kommunestyret har godkjent kommunehuset på Tysse, storstova på Samnangerheimen og biblioteket på Bjørkheim som vigselsstader i Samnanger kommune. Samnanger kommune vil så langt som råd prøve å etterkoma brudeparet sine ønskje om vigselsstad. 

Ved vigsel i anna lokale enn dei som er nemnde ovanfor, må brudeparet bestille og betale kostnadene for lokala sjølv. Brudeparet må i slike tilfelle òg sørgje for klargjering/pynting og rydding av lokalet, og betale eventuelle kostnader for dette sjølv. 

Kva kostar det?

Borgareleg vigsel er gratis for kommunen sine eigne inbyggjarar og for personar som ikkje er busette i Noreg. Dette gjeld vigselseremonien samt klargjering  og rydding av sermonirommet.

Kommunestyret i Samnanger har vedteke følgjande betalingssatsar for borgarlege vigslar: 

  • Gebyr for seremoni for innbyggjarar frå andre kommunar enn Samnanger, kr. 1 000. I tillegg til sjølve seremonien, dekkar betalingssatsen utgiftene til vigslar, klargjering/rydding av seremonirom, arbeid med vigselsattest, melding om vigsel og anna for- og etterarbeid. 
  • Pynting av kommunen sitt seremonirom (blomar). Enkel pakke (avskorne blomar i vase), levande lys, kr. 400. Pynting inngår ikkje som standard for kommunal vigsel i Samnanger, og må bestillast særskilt. 
  • Reisetid for vigslar (ved vigsel annan stad enn kommunehuset, Samnangerheimen eller biblioteket på Bjørkheim), kr. 500 pr. påbegynte time. 
  • Reiseutgifter for vigslar (ved vigsel annan stad enn kommunehuset, Samnangerheimen eller biblioteket på Bjørkheim: Faktiske kostnader, jf. reglar i kommunalt reiseregulativ. 

Kven står for vigselen?

Ordførar og varaordførar har automatisk vigselsmynde, etter reglane i ekteskapslova. I tillegg kan kommunestyret gje vigselsmynde til andre folkevalde eller tilsette i kommunen. I Samnanger kommune har følgjande personar vigselsmynde: 

  • Ordførar Karl Bård Kollbotn
  • Varaordførar Arild Røen
  • Rådmann Ove Sæbø

Sist oppdatert: 09.01.2024
Publisert: 20.08.2018