Media i biblioteket

Biblioteket tilbyr 

  • Lydbøker

  • Bøker

  • Filmar

  • MusikkCDar

  • Tidsskrift

Kom gjerne med ønskjer

Me kjøper inn bøker, filmar og andre media etter kva lånarane ønskjer å lesa, høyra og sjå.  Så sant det er mogeleg innan for budsjettet til biblioteket, så kjøper me inn etter ønskje. 

Lydbøker

Har du prøvd å lytta til ei lydbok? Lydbøkene kan vera lesne inn av forfattaren sjølv, av profesjonelle skodespelarar eller dei er høyrespela. Høyrespela er produsert av NRK og er tidlegare sendt på radioen.. Lydbøker er til dømes kjekke å ha med seg på biltur. Biblioteket har lydbøker i forskjellige sjangrar både til store og små.

Daisy

Dersom du har problem med å lesa, kan du låna lydbøker frå Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek. Samnanger folkebibliotek har depot med NLB-lydbøker. Desse kan spelast av på datamaskiner eller i Daisy-spelarar.

Meir informasjon: Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek

Musikk

Biblioteket får musikkinnspelingar frå kulturrådet si innkjøpsordning. Denne ordninga i omfattar innspelingar i Norge og norske artistar spelt inn i utlandet. I tillegg kjøper me inn Cd-plater etter ønskje får lånarane.

   

Tilbake til biblioteksida