|
Utlånsvilkår
for Samnanger folkebibliotek
BIBLIOTEKET
HAR SOM OPPGÅVE
PÅ
BIBLIOTEKET FINN DU
-
Bøker, tidsskrift, aviser,
lydbøker, musikk, filmar, PC-spel og anna eigna materiell i biblioteket.
Bibliotekpersonalet hjelper deg gjerne med råd og rettleiing.
-
Datamaskiner med
Internettilgong. Du kan reservera ei maskin i inntil 1 time. Dersom ingen
andre skal nytta maskina, kan di sitja lenger.
LÅNERETT
-
Alle kan få lånekort på
Samnanger folkebibliotek. Personar under 18 år må ha underskrift frå føresette
for å få låna. Føresette er ansvarleg for det barna låner.
-
Dersom du har eit nasjonalt
lånekort, kan du nytta dette i Samnanger.
-
Lånetida
er 4
veker med unntak av tidskrift der låne tida er 2 veker og film
og PC-spel, der lånetida er 1 veke. Ein kan låna 1 PC-spel og 5 filmar om
gongen. Ein kan låna så mykje ein vil av andre media.
-
Det er gratis å låna
media og datamaskiner på biblioteket. Svartkvittutskrifter kostar 2.-,
fargeutskrifter kostar 5.-.
-
Du kan fornya
lån, dersom det ikkje er reservert av andre.
-
Du kan reservera utlånt
materiale.
TENESTER PÅ INTERNETT
-
Biblioteket har eige heimeside. www.samnanger.kommune.no
: Lenke til biblioteket i meny
på høgre sida
-
WEBSØK, denne tenesta finn du lenke til på
biblioteksidene, eller du kan gå inn på direkteadressa: asp.bibits.no/Samnanger-fh
I websøk kan du:
LÅNTAKAREN
HAR PLIKT TIL
-
Å behandla det ein låner
fint. Du må erstatta det du øydelegg eller mistar. Du er ansvarleg for det
ssom er lånt på ditt lånekort. Dersom det blir nødvendig, må du
erstatta fleirbindsverk, sjølv om det er berre ei bok som er tapt eller øydelagt.
-
Å betala kr.20,- ved 2.
varsel (gjeld for alle bøker med sama forfall)
-
Å betala til saman kr. 40.-
etter 3. varsel.
-
Vert ikkje bøkene levert
etter 3. varsel, vert det sendt krav om erstatning. Du kan ikkje nytta
tilboda på biblioteket, før lån blir innlevert eller rekninga er betalt.
BIBLIOTEKET
SAMARBEIDER
-
med
andre bibliotek. Dersom det er spørsmål me ikkje kan svara på, tek me
kontakt med andre for å prøva å hjelpa deg.
-
Dersom
me ikkje har den boka, filmen etc. du
ynskjer, låner me det frå eit anna bibliotek til deg. Dette er ei gratis
teneste for deg!!!
DU ER VELKOMEN SOM LÅNTAKAR PÅ BIBLIOTEKET!
Tilbake
til biblioteksida
|