|
Velkomen
til Samnanger kommune sine internettsider. Gi gjerne tilbakemelding
om sidene, eller kom med idêar om stoff/innhald. Dato for siste
oppdatering: 08.03.2010.

Engasjerte ungdomar under kommunestyret si behandling av sak om
fleirbrukshall i Samnanger torsdag 18.02.2010. (Klikk på biletet for å
opna det i større versjon).
Innskriving
av elevar i grunnskulen i Samnanger 2010
Det vert innskriving av nye 1.
klassingar (barn fødde i 2004 eller tidlegare, og som ikkje har teke
til på skulen) på Gjerde skule måndag 22.03.2010 og onsdag
24.03.2010.
Les
meir.
Kulturstipend
for unge - søknadsfrist 22.03.2010
Samnanger kommune lyser ut eit
kulturstipend for ungdom mellom 13 og 25 år. Søknadsfrist er
22.03.2010.
Les
meir.
Ledig
aldersbustad
Samnanger kommune har ledige
aldersbustad på Skjervo (Haga). Søknadsfrist er 12.03.2010.
Les
meir.
Foring
av hjort
Dei store snømengdene i låglandet fører til at hjorten slit med å finna mat fleire
stader. Viltnemnda oppmodar derfor grunneigarar som kjenner til område der det står hjort om å hjelpa han med å skaffa mat.
Les meir.
Kunngjering
av betalingssatsar for bygge-/delingssaker, plansaker, kart/oppmåling
m.m.
Kommunestyret vedtok 18.02.2010
nytt betalingsregulativ for bygge-/delingssaker, plansaker,
kart/oppmåling m.m. Regulativet vert gjort gjeldande frå
01.04.2010.
Les meir.
Inn
på tunet-løftet
Samnanger kommune vurderer å
søkja om nasjonale midlar innan
Inn på tunet-løftet. Dersom dette skal gjerast, må me ha eit samarbeid med lokale bønder som er interesserte i ordninga.
Les meir.
Skulestruktur
i Samnanger: Barneskulane vert slått saman frå august 2010.
Ungdomsskulen vert framleis på Tysse.
Kommunestyret vedtok 18.02.2010
å oppretthalda vedtaket sitt frå desember 2009 om å slå saman dei to
barneskulane i kommunen frå august 2010. Barneskulen vert lokalisert
på Gjerde.
Kommunestyret
omgjorde 18.02.2010 sitt tidlegare vedtak om flytting av ungdomsskulen
frå Tysse til Nordbygda og bestemte at ungdomsskulen framleis skal
vera på Tysse.
Les
meir.
Fleirbrukshall
i Samnanger: Kommunestyret vedtok målsetting om bygging av
fleirbrukshall.
Kommunestyret vedtok 18.02.2010
målsetting om bygging av fleirbrukshall i området mellom Bjørkheim og
bussgarasjen i Haukaneset.
Les meir.
Vil
du verta fritidskontakt?
Fleire personar med nedsett
funksjonsevne ønskjer nokon som kan bruka nokre timar i månaden til å
vera saman med dei på for eksempel kulturtilbod, fysisk trening, eller
andre sosiale aktivitetar.
Les
meir.
Søknadsfrist
for barnehageplass 2010-2011
Søknadsfrist for
barnehageplass 2010-2011 (hovudopptak) er 15.03.2010.
Les
meir.
Søknadsfrist
for kulturmidlar 2010
Samnanger kommune har for 2010
midlar til rådvelde for lag og organisasjonar som driv frivillig
kulturarbeid. Søknadsfrist er 22.03.2010.
Les
meir.
Om
ferdsel på isen i Samnanger
Det har den siste tida kome
spørsmål om kommunen måler kor tjukk isen er på fjorden og på
innsjøar i Samnanger og om kommunen kan gi informasjon om kor isen er
trygg og eventuelt utrygg. Kommunen har dessverre ikkje kapasitet til å ta på
seg slike oppgåver.
All
ferdsel på isen i Samnanger skjer på eige ansvar, både på fjorden og
på innsjøar. Me rår til at ingen tek seg ut på isen utan at det er
målt skikkeleg. Det skal vera minst 15 cm med stålis før isen er
trygg. Dette bør foreldre eller andre vaksne ha sjekka før nokon slepp
ut på isen.
Ver
også merksam på at om det vert målt tjukk nok (trygg) is ein stad, kan lokale variasjonar i
ver-, straum- eller temperaturtilhøve gjera at isen ein annan stad ikkje er trygg!
Kunngjering
av vedtak om endringar av reguleringsplan for Ytre Tysse
Naturutvalet vedtok 03.02.2010
ein del mindre endringar i reguleringsplanen/reguleringsføresegnene for
Ytre Tysse. Klikk på "Les meir" nedanfor for nærare
informasjon.
Les
meir.
Informasjon
om svineinfluensa/svineinfluensavaksine
(Oppdatert 18.01.2010)
Alle aldersgrupper i Samnanger har no hatt tilbod om vaksinering mot
svineinfluensa. Siste vaksinasjonsdag var 12.01.2010. I Samnanger har
51% av innbyggjarane vorte vaksinerte, mot ca. 35% på landsbasis. Klikk på "Les meir" nedanfor for
nærare informasjon om svineinfluensa.
Les meir.
Nye
fritidstilbod til ungdom
I
oktober 2009 vart det starta opp fleire nye fritidstilbod til ungdom frå 8.
klasse og oppover; open gymsal/bading på ungdomsskulen, kurs i pilates
og dans på Nordbygda skule.
Tilboda
om pilates og dans vil halda fram også i vinter/vår, på Gjerde skule
på onsdagar. Tilbodet om open
gymsal/bading går ut, fordi det var svært få som møtte opp på
dette.
Klikk
på biletet til høgre for nærare informasjon om tilboda.
Kommunale
avgifter og gebyr for 2010
Kommunstyret vedtok 05.11.2009
satsar for kommunale avgifter og gebyr for 2010.
Les meir.
Heimesider for kompetansenteret for småkraft
Kompetansesenteret for småkraft har eigne heimesider.
Adressa er www.kraftsenteret.no.
Ny
legevaktordning frå 01.09.2009
Frå 01.09.2009 vart legevaktordninga i Samnanger endra. Det vart då
starta opp felles legevaktordning for Os kommune og Samnanger
kommune. Legevakta er lokalisert i Kolskogen på Os og er bemanna frå kl. 16.00 - 08.00 på kvardagar og heile døgnet på
laur-/søn-/høgtidsdagar.
Les
meir.
Nytt
NAV-kontor i Samnanger
Opninga gjekk føre seg i dei nye lokala til NAV Samnanger på kommunehuset på Tysse tysdag
09.06.2009. Leiar for utvalet for oppvekst og omsorg, Kristian Jørgensen sytte for den høgtidelege opninga ved å knyta saman eitt raudt sløyfeband med, som han uttrykte det; ein skikkeleg
”kjerringaknute”. Klikk
her for å sjå bilete frå opninga av det nye NAV-kontoret.
|

|
Årsmelding
2008
Samnanger
kommune si årsmelding for 2008 kan lastast ned ved å gå inn på
"Les meir" nedanfor.
I årsmeldinga finn ein informasjon
om dei ulike delane av kommunen si verksemd, folketalsutvikling,
økonomi etc.
Les meir.
|
Har
du rett adresse?
Står du oppført under rett gards og bruksnummer?
Hugsa de å melda flytting for heile familien?
Når ein flyttar må ein melda det til folkeregisteret. Dette gjeld
også når ein flyttar innanfor kommunen. I samband med tildelinga av
husnummer, har det dukka opp problem ettersom ikkje alle samningar bur
på den adressa som er oppgitt.
Her
finn du informasjon frå skatteetaten om å melda flytting.
Intenett-tenester på legekontoret
Samnanger helsetun har eigne internettsider, der du mellom
anna kan bestilla legetime og fornya reseptar. Du finn også informasjon
om tenestetilbodet på helsetunet. Web-adressa til Samnanger helsetun er
www.samnanger-helsetun.no.
Informasjon
om Miside.no
På innbyggjarportalen Miside.no får kvar enkelt innbyggjar
i Noreg si eigen skreddarsydde side med offentlege elektroniske tenester og dialog med offentleg forvaltning.
På Miside.no kan ein få utført ulike offentlege
tenester, som til dømes
byta fastlege, melda flytting, endra skattekort, bestilla helsetrygdkort eller søkja om fastrente på
studielånet. Miside.no gir
også kvar enkelt høve til innsyn i informasjon om seg sjølv i offentlege register.
Klikk her for å gå til
Miside.no.
|