Kunngjering  -  Ny legevaktordning i Samnanger
Kunngjeringar  >  Pleie, omsorg, helse og sosial  >  Ny legevaktordning i Samnanger frå 01.09.2009  
   


Kunngjeringsdato: 28.08.2009  

 

Frå 01.09.2009 vert legevaktordninga i Samnanger endra. Det vert frå denne datoen etablert felles legevaktordning for Os kommune og Samnanger kommune. 


Os og Samnanger legevakt
(S.Os legevakt) 

Legevakta for Os og Samnanger vert lokalisert i Kolskogen på Os og vil vera bemanna frå kl. 16.00 til kl. 08.00 på kvardagar og heile døgnet på laur-/søn-/høgtidsdagar. 

Telefonnummeret til legevakta er 81568565. 


Legehjelp på dagtid på kvardagar

På dagtid på kvardagar (kl. 08.00 - 16.00) skal ein normalt bruka eigen fastlege ved behov for legehjelp. Har du ikkje fastlege i Samnanger eller kringliggjande kommunar, kan du kontakta legekontoret ved Samnanger helsetun på dagtid for naudsynt hjelp.

Telefonnummeret til Samnanger helsetun er 56589100.  


Ved livstrugande tilstander
Ved livstrugande tilstander skal ein ringja medisinsk nødtelefon 113


Informasjonsfaldar om Os og Samnanger legevakt
Nedanfor kan du lasta ned faldar med nærare informasjon om Os og Samnanger legevakt. (Klikk på biletet for å lasta ned). 

Informasjonsfaldar for Os og Samnanger legevakt 

(Informasjonsfaldaren er lagt ut i PDF-format. Du må derfor ha installert Adobe Reader eller anna program som les PDF-filer)  

 

NB! Dersom du får opp ein dialogboks med melding om å skriva inn "godkjenningsinformasjonen" når du prøver å lasta ned eit dokument; trykk på knappen "Avbryt" i dialogboksen. Dokumentet vil då verta lasta ned, utan at du treng skriva inn brukarnamn eller passord.  

 

Du kan lasta ned siste versjon av Adobe Reader her.

 

 

Gå til toppen av sida

Gå til startsida til kommunen

Utskriftsvennleg versjon av sida