Kunngjering  -  Innskriving av nye skuleelevar 2010
Kunngjeringar  >  Skule og barnehage  > Innskriving av elevar i grunnskulen i Samnanger 2010


Kunngjeringsdato: 08.03.2010

 

Innskriving av elevar i grunnskulen i Samnanger 2010

Innskriving av nye 1.klassingar skuleåret 2010-2011, jf kommunestyresak 57/09.

Born fødde i 2004 eller tidlegare, og som ikkje har teke til på skulen, har i følgje Opplæringslova § 2-1 skulerett og opplæringsplikt frå hausten 2010. Samnanger kommune ønskjer velkommen foreldre og born til innskriving på Gjerde skule, 

  • måndag 22.mars kl 14.00 – 16.00 eller 

  • onsdag 24.mars kl 10.00 – 16.00

Brev med frammøtetid vert sendt frå skulen i veke 10. Om dei oppsette tidene ikkje høver, kan dei føresette ta kontakt med skulen på tlf 56589980. 

Dersom det etter sakkunnig vurdering er tvil om barnet bør begynna på skulen, kan foreldra
krevja utsett skulestart i eitt år. Etter søknad og sakkunnig vurdering kan born som har fylt 5 år innan 1.april få innvilga søknad om å få begynna på skulen. Søknad må sendast om skulen til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse, innan 15.april 2010.

 

 

 

 

Gå til toppen av sida

Gå til startsida til kommunen

Utskriftsvennleg versjon av sida