Foring av hjort
Foring av hjort


(Sida vart sist oppdatert 24.02.2010 .)

 

Dei store snømengdene i låglandet fører til at hjorten slit med å finna mat fleire stadar. I den djupe snøen er det tungt å vandra og dyra held seg mykje i ro. Dette fører til at det som finst av tilgjengeleg av mat innafor areal med mykje hjort vert beita ned. 

Viltnemnda vil difor oppmoda grunneigarar som kjenner til område der det står hjort om å hjelpa han med å skaffa mat. Dette kan gjerast på fleire måtar. Dersom ein har høy eller silo til overs kan dette nyttast, men det innber ein stor rissiko for at hjorten lærer seg til å ta rundballar. Høy kan også vera ugunstig dersom tilgongen til vatn er eit problem. Det beste er difor å finna fram motorsaga og hogga ned nokre tre med jamne mellomrom. Hjorten er særleg glad i bark og knuppar frå treslag som osp, selje, alm, ask og furu. 

                                      

 

 

Gå til toppen av sida

Gå til startsida til kommunen

Utskriftsvennleg versjon av sida