Kommunen sine retningsliner for tildeling av kulturmidlar vart vedtekne
av utval for oppvekst og omsorg 03.04.02.
Målet for kommunen er å
stimulera og hjelpa til slik at lokalkulturen kan trivast. Dei som kan få
tilskot er lag, organisasjonar, grupper og personar som høyrer heime i
Samnanger kommune og som arbeidar innafor kulturområdet. Laga/organisasjonane
må væra basert på individuelt medlemskap og vera opne for alle.
Kommunen har delt tilskota inn i
følgjande område:
Driftstilskot lag og organisasjonar.
Når ein skal vurdera storleiken på
tilskota, må ein m.a. leggja til grunn ein sum til vanleg drift og
administrasjon. Dette kan t.d. kallast grunntilskot. Her må ein leggja
vekt på den aktiviteten som laget eller td fritidsklubben har, medlemstal,
alder på medlemmene og til sist økonomien i laget.
Siste års reviderte rekneskap og årsmelding
skal følgja søknaden!
Kulturkontoret kan i enkelte høve påleggja
laga å dokumentera medlemstalet i form av medlemslister. Det vert ikkje
gjeve tilskot til løn eller reine investeringar.
Det skal søkjast på eige skjema.
Nye lag kan få starttilskot, og ein nyttar det same skjemaet.
Driftsbudsjett og vedtekter skal følgja søknaden.
Søknadsfrist 20. mars.
Tilskot til tilskipingar, prosjekt, kultur og fritidsaktivitetar for
funksjonshemma.
Kan gjevast til konsertar,
teaterframsyningar, utstillingar , leiarkurs innan song/musikk,
idrett og barne-/ungdomsarbeid, o.l. Lag og organisasjonar kan søkja
tilskot i samband med integrering av psykisk utviklingshemma i
laget sine aktivitetar eller prosjekt.
Det skal gjerast greie for tilskipinga/prosjektet med kostnadsoverslag
og finansieringsplan. Sluttrapport om tilskipinga må sendast
kulturkontoret. Dersom det vert søkt på etterskot skal rekneskapen
liggja ved.
Det vert ikkje gjeve tilskot til løn eller reine investeringar.
Samnanger kommune kan gje underskotsgaranti
i samband med konsertar, teaterframsyningar, utstillingar ect i Samnanger
kommune, som er ope for alle. Søknaden skal sendast kulturkontoret før
arrangementet.
Ingen søknadsfrist.
Tilskot til lokale lagshus, leikeplassar og nærmiljøanlegg.
Det vert gjeve tilskot til større
reparasjonar, ombygging, nybygging og restaurering av lagshus. Søknaden
må gjera greie for trongen for arbeidet, eigartilhøve, kva huset
vert nytta til og teknisk standard. Tilskot til leikeplassar skal
nyttast til opparbeiding av /eller utstyr på leikeområde for born. Lag
og organisasjonar, velforeiningar og td foreldregrupper, einskilde
personar osv i Samnanger kommune kan søkje om tilskot til nærmiljøtiltak.
Det er krav om at tiltaket er ope for allment bruk. Evt
grunneigarsamtykke må innhentast før ein søkjer.
For alle tiltaka skal teikningar,
kostnadsoverslag, finansieringsplan og driftsrekneskap følgja søknaden.
Og det er ein føresetnad at dugnadsarbeid er ein del av tiltaka. Ved større
ombyggingar og nybygg skal planar og teikningar vurderast av kommunen på
førehand med tanke på statlege tilskot. For samfunnshus er søknadsfristen
1. november og nærmiljøanlegg gjennom
heile året.
Det vert ikkje gjeve tilskot til
løn.
Søknadsfrist 20. mars.
Kontroll og ettersyn
Søkjarane vert
skriftleg gjort kjend med vedtaket i Utval for oppvekst og omsorg.
Kulturkontoret har rett til å kontrollera at midlar vert nytta som føresett
i søknaden. Dersom det vert gjeve urette opplysningar og/eller ein bryt
med retningslinene for tilskot, kan kommunen krevja tilskotet
attendebetalt.
|