Finansreglement for Samnanger kommune
Planar og vedtekter  >  Finansreglement


(Sida vart sist oppdatert 16.04.2007 .)

 

Finansreglementet vart vedteke av kommunestyret 12.06.2003.


FINANSREGLEMENT  FOR  SAMNANGER KOMMUNE

  1. Heimel

Reglementet er vedteke i medhald av kommunelova § 52 og Forskrift om kommunar og fylkeskommunar si finansforvaltning av 01.04.2001.

  1. Føremål.

Kommunen skal forvalta midlane sine slik at kommunen kan oppnå tilfredsstillande avkasting, utan at ein utset seg for vesentleg finansiell risiko. Dette skal skje under omsyn til at kommunen skal ha midlar til å dekka sine betalingskrav ved forfall.

  1. Målsetjing.

Finansforvaltningen  skal:

    1. Ivareta kommunelova si målsetjing om optimal utnytting av kommunen sine tilgjengelege ressursar med sikte på å kunna gje eit best mogleg tenestetilbod.
    2. Sikra stor grad av kunnskap om kommunen si framtidige finansielle stilling.
    3. Skal medverka til stabilitet og varigheit.

 

  1. Risikoprofil.

Kommunen skal ha ein låg risikoprofil slik at endringane i finansmarknaden ikkje skal påverka kommunen si finansielle stilling.

 

  1. Finansiell risiko og forklaringar.
    1. Kredittrisiko; Risiko for tap som fylgjer av at lånetakar eller motpart i ein kontrakt ikkje innfrir sine skyldnader.
    2. Likviditetsrisiko; Faren for at midlar ikkje kan omformast til kontantar i løpet av ein rimeleg tidsperiode.
    3. Finansieringsrisiko; Risiko for ikkje å kunna finansiera sine lånebehov.
    4. Renterisiko; Risiko for endring av verdien på eigendelar, gjeld, eigenkapital som følgje av renteendringar.
    5. Valutarisiko; Risiko for endring av verdien på eigendelar, gjeld, eigenkapital som følgje av endringar i valutakursar.

 

  1. Administrativ/operasjonell risiko.

Risiko for at kommunen internt (eller hjå motpart i transaksjonar) ikkje har tilstrekkeleg kompetanse/bemanning, system, rutinar eller ressursar  generelt til å gjennomføra kommunen si vedtekne finansforvaltning.

 

  1. Risiko i aksjemarknaden.

Risoko for at aksjemarknaden eller det aktuelle investeringsobjekt vil stiga eller falla – både på kort og lang sikt.

 

  1. Rammer for risiko.

Kommunen si finansforvaltning skal drivast slik at kommunen ikkje vert påført vesentleg finansiell risiko.

8-1 Innlån.

  1. Det bør innhentast tilbod frå minst 2 låneinstitusjonar.
  2. Renteutviklinga skal kontinuerleg overvakast for å vurdera binding av lån.
  3. For å redusera renterisikoen skal minst 20 % av kommunen sine innlån vera til fast rente.
  4. Gjeldsporteføljen skal avgrensast til få lån

8-2 Plassering av ledig likviditet som skal kunna disponerast innanfor årsbudsjettperioden.

  1. Ved plassering av pengar skal den finansielle risikoen vera minimal.
  2. Kommunen skal spreia innskota sine på meir enn ein bank dersom desse overstig 20 million kroner.
  3. Ved plassering av pengar i andre portefylgjer skal den finansielle risikoen vera låg
  4. Inntil 15 mill. kan plasserast i pengemarknads- eller obligasjonsfond.
  5. Lån til dei årlege investeringane kan plasserast i pengemarknads- eller obligasjonsfond med kort durasjon inntil dei skal disponerast.

8-3 Plassering av langsiktige finansielle aktiva.

Omfattar aktiva der berre avkastinga skal disponerast i årsbudsjettperioden.

  1. Ved plassering av finansielle aktiva over lengre tid skal den finansielle risikoen vera låg.
  2. Finansielle aktiva som det ikkje er behov for i årsbudsjettperioden kan plasserast som bankinnskot, i pengemarknads-, obligasjons- eller aksjefond inkludert garanterte plasseringar/indeksobligasjonar.
  3. Maksimumsplassering i pengemarknads- og obligasjonsfond er 10 millionar kroner.
  4. Maksimumsplassering i aksjefond er 5 millionar kroner.
  5. Midlar plassert i aksjefond skal ha ein tidshorisont på minst 5 år.
  6. Aksjefond skal spreiast på norske, nordiske og/eller andre utanlandske fond, men med minst 60 % europeisk plassering. Ingen fondstype skal ha meir enn 50 % av plasseringa.
  7. Ved kursoppgang på minst 10 % netto kan gevinst takast ut og plasserast på eit ”gevinstfond” i bank. Gevinstfondet skal ikkje disponerast før det utgjer minst 10 % av den samla plassering i aksjefond.

 

  1. Fullmakt til administrasjonssjefen.

Kommunestyret gjev administrasjonssjefen fylgjande fullmakter.:

    1. Opptak av lån (gjeld også refinansiering og samanslåing av lån.)

 Velja låneinstitusjon, avdragstid og rentevilkår.

    1. Plassering av ledig likviditet.

Velja finansinstitusjon

Forhandla og avgjera vilkår for plassering

Avgjera samansetjinga av plasseringa.

 

  1. Rapportering og kontroll.

Føremålet med rapportering er å informera om finansforvaltningen sine faktiske resultat og finansforvaltningen si eksponering i høve til dei rammer og retningsliner som er fastsett.

Administrasjonssjefen rapporterer ved 2. tertial til P/Ø utvalet. Rapporten skal innehalda:

    1. Oversyn over fordeling av gjeld på dei ulike lånetypane, renteutviklinga og låneinstitusjon.
    2. Oversyn over plassering av ledig likviditet med fordeling og vilkår.
    3. Oversyn over plassering av finansielle aktiva som går over lengre tid med fordeling på aktivaklasse og vilkår.
    4. Ei skildring av forventa utvikling i marknaden og kva konsekvensar administrasjonssjefen trekkjer.

 

  1. Evaluering.

Administrasjonssjefen kan engasjera ekstern hjelp for gjennomgang av kommunen si finansforvaltning.

 

 

Gå til toppen av sida

Gå til startsida til kommunen

Utskriftsvennleg versjon av sida