Jakt og fiske
Om Samnanger  >  Jakt og fiske


(Sida vart sist oppdatert 22.06.2010 .)

Klikk her for å lasta ned "Forskrift om fiske etter innlandsfisk i innsjøar med anadrome laksefisk i Hordland" (PDF-dokument, krev at du har installert programmet Adobe Reader)

 

Tyssefossen 

Eikedalselva renn ut i Frølandsvatnet. Etter Frølandsvatnet heiter elva Tysseelva.

I Tysseelva er det bygd laksetrapp for å hjelpa fisken opp dei kraftige stryka i Tysse.

Ønskjer ein å fiska i vatn med busetnad rundt (d.v.s. at ein må gå på innmark) skal ein avtala med grunneigar.  

Skal ein fiske etter laks eller sjøaure i elvar eller innsjøar, må ein hugsa å betala den statlege fiskaravgifta i tillegg til fiskekort/løyve frå grunneigar.

Bilde frå Tysseelva

 

Bilde frå Tysseelva

Bilde frå Tysseelva

Ivrig fiskar i Tysseelva

Inste del av Samnangerfjorden frys ofte til om vintrane, og då kan fisket på fjordisen vera bra. Her kan ein få torsk, hyse, lange, lyr, sei, kviting og andre av våre vanlegaste saltvatnefiskar. 

Det er alltid viktig å vere forsiktig når ein skal ut på isen. Dei som ikkje kjenner isforholda vert tilrådd å rådføra seg med personar som er kjent med isen/isforholda. 
 

 

Innlands- og sjøfiske

Fiske i Tysseelva:
Erfaringar og undersøkingar har vist at fiskestammene av villaks og sjøaure i Tysseelva er under sterkt press. Det er difor naudsynt med innskrenking av fisket. 

I 2009 har Samnanger jeger- og fiskelag har fått løyve av Fylkesmannen til å organisere fangst av rømt oppdrettsfisk ved bruk av fiskestang ved utlaupet av Tysseelva. 
  • Strekning: Nedanfor Tyssefossen, begge sider av osen.
  • Tidsrom: Frå og med 1. august til og med 30. september. 

Sjøaure og villaks som vert fanga skal raskt og varsamt settast ut att i elva. 

Fiskekort kan kjøpast i resepsjonen på Kommunehuset. NB! Utselt for fiskekort for sesongen 2009. 

For meir informasjon kontakt Samnanger jeger- og fiskelag v/ Ove Gåsdal, mobil 91135527.

Kvitingen
Det er sal av fiskekort i Kvitingen. Kort kan kjøpast i automat på parkeringsplassen.

 

 

Småviltjakt
Rype- og harejakt på Jarlandsfjellet, Frølandsfjellet og i Kvitingenområdet. Kort til alle jaktområda kan kjøpast av Samnanger Jeger- og Fiskerlag ved Rolf Inge Foss - tel. 56 58 65 05. 
Bruk av hund i terrenga er ikkje tillete.

Kvitingen: Her vert det ikkje selt sesongkort. Det er berre høve til å selja 5 dagskort pr. dag. 

Jarlandsfjellet: Medlemane i laget kan kjøpe sesongkort som kostar kr. 200,- eller dagskort til kr. 70,- Det vert selt 5 dagskort på Jarland.

Frølandsfjellet: Medlemane i laget kan kjøpe sesongkort som kostar kr. 200,- eller dagskort til kr. 70,-. Det vert selt 5 dagskort på Frøland.

I tillegg må alle jegerar ha betalt den statlege jegeravgifta og ha bestått jegerprøva.
Hjortejakt
Hjortejakt er populært i Samnanger, og om hausten er det difor mange jegerar i skogen. For å vera på den sikre sida bør ein ha på seg klede med sterke fargar i jakttida, som frå og med 2002 er perioden 10.09 -  15.11.
Samnanger Jeger- og Fiskerlag
For meir informasjon om jakt og fiske i Samnanger, ta kontakt med Samnanger jeger- og fiskarlag.

 

 

Gå til toppen av sida

Gå til startsida til kommunen

Utskriftsvennleg versjon av sida