Naturforvaltning
Om Samnanger  >  Naturforvaltning


(Sida vart sist oppdatert 16.04.2007 .)

Naturvett
I Noreg har alle høve til å ferdast fritt til fots og på ski i skog og mark, den såkalla "allemannsretten".

Allemannsretten gjev deg rett til:

  • å ferdast fritt til fots og på ski i naturen
  • å ferdast over dyrka mark om vinteren (når marka er frosen eller snødekt)
  • å bruka kano, kajakk, ro- eller seglbåt i vatn og vassdrag
  • å bada i sjø og i vatn og vassdrag
  • å ferdast fritt i båt, fortøya og gå i land i utmark langs kysten

Men allemannsretten gjev deg òg plikter:

Du skal ferdast varsamt i naturen.

Ein kan ikkje:

  • brekka, skjera, eller på anna vis skada tre og plantar

  • trakka i dyrka mark og eng

  • gå i skogplantefelt på barmark før trea har nådd knehøgde

  • la hundar gå lause i tida frå 1.04 til 1.10

NB!
Hjortejakt er populært i Samnanger, og om hausten er det difor mange jegerar i skogen. For å vera på den sikre sida bør ein ha på seg klede med sterke fargar i jakttida, som frå 2002 er perioden 10.09 - l5.1l.

 

Forvaltning av kystsona
Kommunal forvaltning og tilrettelegging for utvikling av havbruksnæringa.

Kvar står Samnanger kommune i dag?

  • Eit oppdrettsanlegg og eit settefiskanlegg

  • Resipient undersøking av fjorden viser gode resultat, men miljøtilhøva i det indre bassenget i Samnangerfjorden er i tilstandsklasse III, mindre god. Lengre ute i fjorden er miljøtilhøva gode.

  • Det er tidlegare gitt avslag på fleire oppdrettsanlegg inne i Samnangerfjorden pga. straum, is og botntilhøva i fjorden. Det vert også synt til at Tysseelva er ei lakseførande elv. Det er no investert i laksetrapp. Det kan difor verta særs vanskeleg å få godkjent nye oppdrettsanlegg for laks eller sjøaure.

  • Kommunen har i høve til kommuneplanen ingen frie områder for akvakultur i sjø

Kva vil Samnanger kommune:

  • Ynskje nye næringar som gir fleire arbeidsplassar og busetnad i kommunen.

  • Ta omsyn til andre interessegrupper, og såleis finne dei områda som er best egna i høve til å redusera faren for konfliktar

Vegen vidare:

  • Fullføre arbeidet med strandsoneplan og arealplan, som er starta opp i 2000. 

 

 

 

 

Gå til toppen av sida

Gå til startsida til kommunen

Utskriftsvennleg versjon av sida