Tomter i Samnanger
Om Samnanger  >  Tomter


(Sida vart sist oppdatert 22.06.2010 )

Bustadfelt i kommunen
Det er fleire bustadfelt i Samnanger, både kommunale og private. Nedanfor finn du meir informasjon om 
dei to kommunale bustadfelta, som ligg på Lønnbakken og i Rolvsvåg

Lønnebakken
Det nyaste av dei to kommunale byggefelta i kommunen ligg på Lønnebakken, mellom Tysse og Bjørkheim. Det er totalt plass til om lag 60 hus i feltet, men utbygginga skjer i etappar. Feltet ligg på oppsida av riksveg 7, med utsikt utover Samnangerfjorden. Kommunen har inngått avtale med GBS Entreprenør og Byggemester Alf R. Mjelde/Vestlandshus om utbygging og sal. 

Tomteprisane ligg på om lag 300.000 kroner. 

For å få meir informasjon om bustadfeltet (tomtekjøp, bustadtypar etc); gå inn på heimesidene til Veslandshus Mjelde AS.


Oversiktsbilete Lønnebakken. (Klikk på biletet dersom du ønskjer å sjå det i større versjon). 


Byggjefeltet på Lønnebakken

Bilde frå byggefeltet på Lønnebakken
Utsikt utover Samnangerfjorden. 

 

 


Rolvsvåg
I Rolvsvåg, på vegen mellom Samnanger og Os, er det også eit kommunalt bustadfelt med ledige tomter. Feltet ligg fint til, berre eit par steinkast frå sjøen. Tomteprisar frå 60.000 til 150.000 kroner.


Utsikt mot bustadfeltet i Rolvsvåg. (Klikk på biletetet dersom du ønskjer å sjå det i større versjon).  


Bustadfeltet i Rolvsvåg. 


Bustadfeltet i Rolvsvåg. 



Ta kontakt med teknisk eining i kommunen på telefon 56 58 74 00 for å få nærare informasjon om dei 
kommunale bustadfelta.

 

Gå til toppen av sida

Gå til startsida til kommunen

Utskriftsvennleg versjon av sida