Ny skulestruktur i Samnanger 
Ny skulestruktur i Samnanger 


(Sida vart sist oppdatert 08.09.2010 .)          

 
Det vart i 2009 utarbeidd skulebruksplan for Samnanger kommune. I samband med dette vedtok kommunestyret 10.12.2009 å gjera endringar i skulestrukturen i Samnanger frå august 2010. På denne sida finn du informasjon om arbeidet med omlegging av skulestrukturen i Samnanger.  

 

(Sjå også: Temasider om fleirbrukshall i Samnanger)


Innhald temasider om skulestruktur

Generell informasjon / status i saka

Plandokument (skulebruksplan for Samnanger kommune)

Kommunestyret sitt vedtak 18.02.2010 om mellom anna plassering av ungdomsskulen.

Kommunestyret sitt vedtak 10.12.2009 om endringar i skulestrukturen i Samnanger

Saksdokument / vedtak / brev / referat / informasjonsskriv i saka

Lenkje til diskusjonsside på internett



Generell informasjon / status i saka
(sist oppdatert 05.07.2010)

Kommunestyret vedtok 18.02.2010 å oppretthalda vedtaket sitt frå desember 2009 om å slå saman dei to barneskulane i kommunen frå august 2010. Barneskulen vert lokalisert på Gjerde. (Les heile vedtaket her.)  
 
Kommunestyret omgjorde 18.02.2010 sitt tidlegare vedtak om flytting av ungdomsskulen frå Tysse til Nordbygda og bestemte at ungdomsskulen framleis skal vera på Tysse. (Les heile vedtaket her.)  

 

Oppsummering av status i saka: 

  • Det er frå august 2010 ein barneskule i Samnanger. Skulen er lokalisert på Gjerde.

  • Kommunestyret vedtok 29.04.2010 at namnet på skulen skal vera Samnanger barneskule.  

  • Skulen på Gjerde må påbyggjast som følgje av samanslåinga av barneskulane. I byggeperioden vil det verta ei mellombels løysing med modular som ekstra klasserom. Modulløysninga stod klar til skulestart i august 2010. Det permanente påbygget/nybygget skal etter planen vera ferdig til skulestart hausten 2012.

  • Samnanger ungdomsskule vert verande på Tysse. 

  • Kommunestyret har førebels ikkje bestemt kva som skal skje med skulebygget i Nordbygda (om det skal seljast, brukast til andre føremål etc). Personal- og økonomiutvalet vedtok 15.04.2010 at det for barnehageåret 2010/2011 vert oppretta ei ny barnehageavdeling i Nordbygda barnehage. Avdelinga er lokalisert i lokala til tidlegare Nordbygda skule (SFO-delen).

  • Personal- og økonomiutvalet vedtok 28.06.2010 at det vert gratis skuleskyss skuleåret 2010/2011 for alle elevar frå tidlegare Nordbygda skule. (Les meir om vedtaket her.)  

 

 

Plandokument (skulebruksplan for Samnanger kommune)

Ved å klikka på biletet til høgre kan du lasta ned skulebruksplanen for Samnanger kommune. Planen er ajourført etter kommunestyret sitt vedtak 10.12.2009 om framtidig skulestruktur. 

 

  • Klikk her for å lasta ned dokumentet i PDF-format (krev at du har installert programmet Adobe Reader eller anna program som les PDF-filer.) 

  • Klikk her for å lesa dokumentet i Web-versjon. 

 

 

Skulebruksplan for Samnanger kommune

 

Vedtak i kommunestyret 18.02.2009

Kommunestyret gjorde 18.02.2010 to vedtak knytt til skulestruktursaka. 

 

Sak 002/10  -  Fleirbrukshall i Samnanger: 

"Samnanger kommune har som mål å byggja ein fleirbrukshall. Hallen vert plassert i området mellom Bjørkheim og bussgarasjen i Haukaneset. Det er viktig at hallen vert plassert slik at det er mogleg å leggja idrettsbane og framtidige skulebygg ved sida av.

Det vert utarbeidd ein områdeplan for området mellom bussgarasjen i Haukaneset og avkøyringa til Nordbygda skule.

I samband med rullering av arealplan for kommunen skal området frå Bjørkheim til Haukaneset vurderast med tanke på næring, offentlege føremål og bustader.

Ungdomsskulen vert liggjande på Tysse." 

 


Avstemming om ny handsaming av sak om skulebruksplan

På møtet 18.02.2010 var det avrøysting i kommunestyret om sak om skulebruksplanen (sjå vedtak i kommunestyret 10.12.2009) skulle takast opp til ny handsaming. Det var fleirtal i kommunestyret for at saka ikkje skal takast opp på nytt (11 mot 9 røyster). 

 

Vedtaket frå kommunestyret 10.12.2009 vert derfor ståande, med unnatak av det som står om flytting av ungdomsskulen frå Tysse til Nordbygda, ref. kommunestyret sitt vedtak 18.02.2010 om at ungdomsskulen vert liggjande på Tysse. 

 

 

Vedtak i kommunestyret 10.12.2009

"Samnanger kommune vil satsa på to skular i Nordbygda og på Gjerde slik det kjem fram i skulebruksplanen. Då vert det 1.-7. trinn på Gjerde og 8.-10. trinn med hall i Bjørkheimsområdet. Uteområdet ved Nordbygda skule må takast vare på og vidareutviklast i høve dei lærings- og utviklingsmåla ungdomsskulen har arbeidd fram i sine planar for fysisk aktivitet / nærmiljø.
Kortsiktig løysing: 1.-7. årssteg samlast på Gjerde skule ved hjelp av modulløysing medan ein rehabiliterer Nordbygda skule til ungdomsskule.
Arbeidet med å leggja om Nordbygda skule til ungdomsskule skal starta seinast samstundes med utbygging av Gjerde skule."

 

 
Saksdokument / vedtak / brev / referat/ informasjonsskriv
Tekst Dokumentdato Publiseringsdato på kommunen sine heimesider

Kunngjering om gratis skuleskyss skuleåret 2010/2011 for alle elevar frå tidlegare Nordbygda skule

30.06.2010 30.06.2010

Informasjonsbrev til foreldre og elevar om skulevegen mellom Ådland og Gjerde

01.06.2010 04.06.2010

Tilråding frå Utvalet for oppvekst og omsorg 13.04.2010 om styringsgruppe for det vidare arbeidet med utbygging av Gjerde skule og om namnet på skulen. 

13.04.2010 16.04.2010

Referat frå møte i skulemiljøutvalet for Samnanger ungdomsskule 04.02.2010

10.02.2010

15.02.2010

Referat frå møte i skulemiljøutval for barneskulane i Samnanger torsdag 04.02.2010. 

- Gjerde skule
- Nordbygda skule

07.02.2010

09.02.2010

Vedtak i Personal- og økonomiutvalet 28.01.2010 om styringsgruppe og organisering av arbeidet med ny skulestruktur i Samnanger. 

28.01.2010

03.02.2010

Saksframlegg til Personal- og økonomutvalet sitt møte 28.01.2010  -  forslag til organisering av arbeidet med iverksetjing av vedtak om endring av skulestruktur

21.01.2010

22.01.2010

Informasjonsskriv til foreldre/føresette til elevar ved skulane i Samnanger

21.01.2010

22.01.2010

Svar frå ordføraren på innlegg i Samningen om skulestruktursaka. (Vart publisert i Samningen 21.01.2010). 

21.01.2010

22.01.2010

Svarbrev frå ordføraren på krav om ekstra kommunestyremøte / ny behandling

15.01.2010

18.01.2010

Brev frå 8 kommunestyrerepresentantar med krav om ekstra kommunestyremøte / ny behandling av skulestruktursaka. 

11.01.2010

18.01.2010

Vedtak i kommunestyret 10.12.2009. 

10.12.2009

14.12.2009

Vedtak i Personal- og økonomiutvalet 26.11.2009.  

26.11.2009

01.12.2009

Saksframlegg til Personal- og økonomiutvalet 26.11.2009. 

19.11.2009

23.11.2009

Vedtak i kommunestyret 05.11.2009. 

05.11.2009

23.11.2009

Høyringsforslag oktober 2009.

06.10.2009

06.10.2009

(Alle dokumenta er lagt ut i PDF-format, krev at du har installert Adobe Reader eller anna program som les PDF-filer.)

 

Lenkjer på internett

Diskusjonssider på www.origo.no

 

 

NB! Dersom du får opp ein dialogboks med melding om å skriva inn "godkjenningsinformasjonen" når du prøver å lasta ned eit skjema; trykk på knappen "Avbryt" i dialogboksen. Skjemaet vil då verta lasta ned, utan at du treng skriva inn brukarnamn eller passord.  

 

Du kan lasta ned siste versjon av Adobe Reader her.

 

 
Gå til toppen av sida

Gå til startsida til kommunen

Utskriftsvennleg versjon av sida