HeimKultur og aktivitetFritidstilskot til barn og unge

Fritidstilskot til barn og unge

Fritidstilskot til barn og unge 6-18 år

Samnanger kommune er opptatt av at alle barn som ønsker skal få delta i fritidsaktivitetar uavhengig av økonomisk situasjon.

Det at barn og unge får delta i fritidsaktivitetar er ei viktig kjelde til fellesskap, identitet og meistring.

 

Kva er fritidstilskot?

Fritidstilskot skal syte for at barn og unge i familiar som opplever at dei lever i relativ fattigdom i Samnanger kommune kan delta i fritidsaktivitet uavhengig av familien sin økonomi.

Kven kan søke?

Denne ordninga er for familiar som opplever at barnet/barna deira ikkje kan delta i fritidsaktivitetar av økonomiske årsaker.

Kva kan ein søke om tilskot til?

Det vert gitt tilskot til fritidsaktivitetar for barn i aldersgruppa 6-18 år.

Søknader og utbetaling av tilskot vert handsama fortløpande.

Ein kan til dømes søke om tilskot til:

  • Medlemskontingent
  • Elevkontingent
  • Kurs/cup/leir
  • Nødvending trening-/øvingsutstyr og/eller klede
  • Inngangsbillettar til kino m.m.

Korleis søke?

Ordninga er tillitsbasert. Det vert ikkje stilt krav til dokumentasjon av privatøkonomi.

Ein søker om fritidstilskot ved å fylle ut søknadsskjema (digital lenke) og sende det til tenesta familielos i Samnanger kommune.

Tildelingskriteria og prioriteringar:

  • Søknadsåret føl kalenderåret (f.o.m januar t.o.m. desember).
  • Ordninga er tillitsbasert og det vert ikkje stilt krav til dokumentasjon av privatøkonomi.
  • Tilskotet skal dekka reelle utgifter og søkar må vise til kostnadsutgifter i søknaden.
  • Det vert gitt inntil kr. 3 000,- per born per året. I særskilte tilfelle vert det gitt inntil kr. 6 000 eller meir.
  • Det er høve til å søka om tilskot fleire gongar fram til maksgrensa per barn er nådd.
  • Søkar vil få tilbod om rådgjeving frå familielosen.

Handsaming av søknad

Søknaden vert handsama som delegert vedtak ved eining for livsmeistring. Søknader vert handsama fortløpande og ein kan venta utbetaling for godkjente søknader innan fortrinnsvis fem verkedagar etter mottatt søknad.

 

Lenke til søknadsskjema

Lenke til søknadsskjema finn du her

Frivillige lag og organisasjonar kan laste flyer for å vidareformidle informasjon om ordninga her

Her finn du meir informasjon om fritidsaktivitetar i kommunen:
Samnanger kommune - Kultur og aktivitet

Her finn du meir informasjon om ordninga familielos:

Samnanger kommune - Familielos og fritidstilskot

Her finn finn du meir informasjon om støttekontaktordninga:

Samnanger kommune - Støttekontakt


Sist oppdatert: 03.04.2024
Publisert: 16.01.2024