Skip Navigation LinksSamnanger helsetun > Fysioterapi > Samnanger fysikalske institutt

Samnanger fysikalske institutt

Samnanger fysikalske institutt vert drive av fysioterapeut med vidareutdanning i manuellterapi, Geir Næss. 


Adresse og kontaktinformasjon
Postadresse: Tyssevegen 108
5650 Tysse
Telefon: 56 58 91 09
Telefaks: 56 58 91 01
Opningstider: Måndag, onsdag og fredag.
Behandling også på kveldstid.

 


Målgruppe
Alle som har behov for fysioterapi.


Tilvising
Pasient, pårørande eller behandlingsinstitusjon tek kontakt med Samnanger fysikalske institutt.


Etter fagleg vurdering vil pasientar med akutt behandlingsbehov få tilbod om behandling innan 3-7 arbeidsdagar, elles innan 2-8 veker.

Tilvisning frå lege er ikkje nødvendig.


Kva omfattar tenesta? 

  • Kurativ behandling av muskel- og skjelettlidingar, gruppebehandling, undersøking og rettleiing, førebyggjande tiltak, rehabilitering og habilitering. 
  • Det er tilbod om behandling av fysioterapeut med spesialkompetanse i manuell terapi. Manuellterapeutar behandlar pasientar som har vondt i ryggen, bekkenet, brystveggen, nakken eller som har kjevesmerter eller hovudverk. Dessutan pasientar som har vondt i ledd, musklar, og/ eller nervar i armar og bein etter slitasje eller skade. 
  • Manuellterapeut kan skrive sjukemelding for sine pasientar i inntil åtte veker samanhengande. 
  • Manuellterapeut kan tilvise til spesialist og røntgenundersøking. 


Pris/kostnad/tilskotsordningar
Pasientane betalar eigenandel, ved oppnåing av eigenandeltak 2, får dei frikort. Honorar pasientar får dekka alle utgifter til behandling av Rikstrygdeverket.  
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering