Samnanger helsetun

Nyheiter

Her vert det lagt ut aktuelle nyheitssaker frå Samnanger helsetun.  


Helsestasjonen for ungdom har ikkje lenger fast opningstid
(Nyheitssak lagt ut 22.11.2020)
Helsestasjon for ungdom har ikkje lenger fast opningstid. Tilbodet for ungdom mellom 13 og 20 år består framleis, men ein bestiller time på førehand på telefon 48 99 70 02. Ta gjerne kontakt om det er noko  -  både små og store ting. 
Meir informasjon om helsestasjonen for ungdom


Redusert drift ved helsestasjonen i perioden 22.06.2020 - 16.08.2020
I denne perioden vert det redusert drift ved helsestasjonen, grunna ferieavvikling. 
Les heile saka her. 


Tilbodet i helsestasjonen, skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom skal no gjenopprettast til normal aktivitet (publisert 20.04.2020)  
Les heile saka her


Fysioterapibehandling opnar igjen 20.04.2020 (sist oppdatert 12.04.2020)
Som følgje av koronavirusutbrotet i Noreg, held Samnanger fysikalske institutt stengd i perioden 16.03.2020 - 19.04.2020. Det same gjeld kommunefysioterapeuten sitt tilbod til pasientane. Fysioterapeutane vil likevel vera tilgjengelege på telefon for råd, veiledning og instruksjon i heile dennne perioden. Samnanger fysikalske institutt tilbyr også videokonsultasjonar.

Behandlingstilbodet ved Samnanger fysikalske institutt opnar igjen 20.04.2020. Pasientar som var i behandling då styresmaktene vedtok stenging av fysioterapibehandling 16.03.2020, vil bli kontakta for ny timeavtale. Andre pasientar som har behov for behandling og ønskjer time, kan etter påske ta kontakt på ordinær måte (telefon 56589109) for å få time. 

Meir informasjon finn du her


Stenging av fysioterapitenesta (sist oppdatert 13.04.2020)
Samnanger fysikalske institutt held stengt i perioden 16.03.2020 - 19.04.2020, på grunn av koronavirusutbrotet i Noreg. Det same gjeld kommunefysioterapauten sitt tilbod til pasientane.

Fysioterapeutane vil likevel vera tilgjengelege på telefon for råd, veiledning og instruksjon i heile perioden 16.03. - 19.04.2020. Samnanger fysikalske institutt tilbyr også videokonsultasjonar.

Meir informasjon finn du her


Redusert drift helsestasjon og skulehelseteneste (publisert 16.03.2020)
På grunn av koronavirusutbrotet i Noreg, er det innført redusert drift på helsestasjonen og skulehelsetenesta. Spebarnskontrollar og oppfølging av nyfødde blir prioritert, samt vaksinasjon i barnevaksinasjonsprogrammet. 

Meir informasjon finn du her


Råd og informasjon om koronavirusinfeksjon (sist oppdatert 24.03.2020)
Råd og informasjon til innbyggjarane i Samnanger.

Meir informasjon finn du her

 


Informasjonsfilm om koronaviruset
Mange barn og unge har spørsmål om koronaviruset. Helsedirektoratet har laga ein informasjonsfilm, der det blir gitt svar på ein god del spørsmål. 

I filmen får du svar på spørsmål som Hermine (13 år) stiller til lege Helen (lege i Helsedirektoratet).

Filmen ligg på Youtube. Lenke til filmen er https://youtu.be/v1W249tl1vA


 

Har du ein sjeldan sjukdom eller alvorleg allergi? Då kan du be fastlegen din leggja dette inn i kjernejournalen din. 
Våren 2015 fekk alle innbyggjarane i Hordaland ein kjernejournal. Denne elektroniske tenesta samlar helseopplysningar som er spesielt viktige dersom du får behov for akutt hjelp og får behandling ein stad du ikkje har vore før. Har du alvorlege sjukdomar eller allergiar, kan du snakka med fastlegen din og be han/ho om å leggja dette inn i kjernejournalen din.
 

Meir informasjon finn du her.


Innføring av landsdekkande legevaktnummer 1. september 2015
Frå 1. september 2015 vert det innført eit landsdekkande legevaktnummer i Norge. Nummeret vert 116117 (hundreogseksten-hundreogsytten) og vil gjelda uansett kvar i landet du er.

Meir informasjon finn du her



Endra reglar for utsteding av helseerklæring for offshorearbeidarar
Frå 01.01.2014 er det berre legar med særskilt sertifisering ("petroleumslegar") som kan utsteda helserklæring for offshorearbeidarar. Ingen av legane ved Samnanger helsetun har førebels slik sertifisering.

Fylkesmannen i Rogaland har utarbeidd oversikt over legar som har gyldig sertifisering, sjå lenke nedanfor.
 
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Ingebjørg Vamråk      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering