Skip Navigation LinksSamnanger helsetun > Samnanger legekontor

Samnanger legekontor

Legekontoret er kommunalt drifta. Legetenesta held til i helsetunet på Haga. Ved helsetunet er det i tillegg til legekontor også helsesøster, jordmor og fysioterapeut.  Me har fire fastlegar. Det er også 220% stilling for helsesekretærar, fordelt på tre sekretærar.

Legetenesta si oppgåve er å gje innbyggjarane i Samnanger legetenester på dagtid, og akutt legehjelp på kveld, natt og i helger, i samsvar med gjeldande lovar og forskrifter. På dagtid prioriterer me dei pasientane som har fastlege her i kommunen, andre pasientar vert henviste til fastlegen sin. Unnataket er pasientar som har medisinsk behov for akutt hjelp, dei vert behandla akutt ved legekontoret.

Samnanger har felles legevakt med Os kommune. Legevakta er lokalisert på Os. I tillegg har legetenesta ansvaret for tilsyn ved Samnangerheimen, medisinsk faglege råd, smittevern og miljøretta helsevern.  

Me ønskjer å gjera kontakten med oss så enkel som mogleg. Time hos lege må bestillast på førehand. Derfor er det tilrettelagt for time- og reseptbestilling via desse sidene (se meny på venstresida) eller du kan ringja tlf. 56589100.

Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering