Fastlegeordninga

Fastlegeordninga gir alle innbyggjarar i Noreg rett til å ha ein allmennpraktiserende lege som sin faste lege. 

Fastlegen skal først og fremst gje tilbod til dei pasientane han har på lista si, og har eit særskilt ansvar for desse.

Fastlegeordninga er frivillig. Dersom du ikkje ønskjer å vera med i fastlegeordninga, må du sjølv finna ein allmennlege å gå til.  

Det er fire fastlegelister i Samnanger kommune:

  1. Harald Ramm Salbu, maksimalt 900 pasientar. 
  2. Jakob Norup, maksimalt 825 pasientar.  
  3. Kristian Jansen, maksimalt 600 pasientar.
  4. Edle Margrethe Nøss, maksimalt 600 pasientar.

Om ein fastlege sluttar, vil pasientane på lista hans verta overførte til ny lege. Om me ikkje får ny lege eller vikar med ein gong, vil dei andre legane ved Samnanger helsetun sjølvsagt ta imot pasientane som har fastlege i kommunen, på lik linje med eigne pasientar. 
 
  
 
Artiklar
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering