Kjernejournal

Har du ein sjeldan sjukdom eller alvorleg allergi?
 
Våren 2015 fekk alle innbyggjarane i Hordaland ein kjernejournal. Denne elektroniske tenesta samlar helseopplysningar som er spesielt viktige dersom du får behov for akutt hjelp og får behandling ein stad du ikkje har vore før. Har du alvorlege sjukdomar eller allergiar, kan du snakka med fastlegen din og be han/ho om å leggja dette inn i kjernejournalen din.
 
1-2 prosent av alle innbyggjarane i Norge har ein sykdom, tilstand eller allergi som gjer at akuttbehandling kan få alvorlege følgjer dersom legane ikkje får beskjed om dette før dei starter behandlinga. Slike opplysningar, som kan endra val av undersøking, behandling og oppfølging av deg på sjukehus, vert kalla «kritisk informasjon» og er ein viktig funksjon i kjernejournalen.

Snakk med legen din
Det er legen som må registrera kritisk informasjon i pasienten sin kjernejournal. Registreringa vil som regel skje i samråd med deg når du har legetime eller får behandling. Derfor vil ikke kritisk informasjon liggja i kjernejournalen din før legen har registrert den.

Eksempel på kritisk informasjon er:
  • Alvorlege allergiar eller overfølsomhetsreaksjonar (eksempelvis allergi mot penicillin eller tidlegare problem med narkose)
  • Implantatar (for eksempel shunt i sentralnervesystemet eller pacemaker)
  • Viktige behandlingar du får (eksempelvis dialyse eller cellegift)
  • Sjeldne, alvorlege tilstandar (for eksempel blødarsjukdom, binyrebarksvikt, immunsvikt eller enkelte stoffskiftesykdomar)
Om du har desse eller andre alvorlege allergiar eller sjukdomar, kan du be legen din registrera dette i kjernejournalen din neste gong du har time. Er du i tvil, kan du også snakka med legen din om dette. Det er utarbeidd ei oversikt (absoluttlista) over kva tilstandar dette gjeld.


Meir informasjon om kjernejournal:  
 

 

Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering