Sjuke born og barnehage

Når kan borna gå i barnehage, til dagmamma eller på skulen i samband med sjukdom? 

Statens institutt for folkehelse (Folkehelsa) har gitt tilrådingar om dette for ei rekke sjukdomar. Tilrådingane gjeld av omsyn til faren for å smitta andre, men også med tanke på forverring av eigen sjukdom og faren for komplikasjonar.

Generelt for alle sjukdomar:
  • Borna bør halda seg heima dersom dei har feber 38,0 eller høgare, målt med termometer i endetarm. 
  • Borna bør også halda seg heime dersom dei har svekka allmenntilstand. Det vil seia dersom dei er uopplagde, slappe og virkar sjuke. 


Spesifikke sjukdomstilstandar
Nedanfor finn du informasjon om diverse spesifikke sjukdomstilstandar.