HeimNyheiterArbeid på parkeringsplassen ved Samnangerheimen, gangvegen og parkeringsplassen til helsetunet

Arbeid på parkeringsplassen ved Samnangerheimen, gangvegen og parkeringsplassen til helsetunet

Gjeld perioden frå veke 43 til 52/2022.
Publisert: 18.10.2022
Sist endra: 03.11.2022

Det vil i veke 43 til 52 verta arbeid på parkeringsplassen til Samnangerheimen, gangvegen og parkeringsplassen til Helsetunet og carport for el-bilar til heimesjukepleien ved Samnangerheimen.

Det skal lagas ny felles innkøyring til dei to parkeringsplassane der dagens gangveg går.
Ny gangveg frå p-plassen til Samnangerheimen og opp til Helsetunet. Vegen vert der grasbakken går.
P-plassen ved Helsetunet vert snudd og det skal lagast ny trapp.
Det skal lagas carport over el-bil ladarane på nedre parkeringsplass ved Samnangerheimen.

Det vil verta anleggsarbeid på parkeringsplassane med god sikring med 2 meter høge byggeplassgjerder.
Det vert støy og støv og mindre parkeringsplassar i denne perioden. Områder som ikkje vert avsperra kan ein bruke. Dette kan variere veke for veke.

Oppmodar alle om å finne andre plassar å parkere og ha god tid før oppmøte til Helsetunet i tilfelle ein ikkje finn parkeringsplass.

Ein kan parkere ved Haga kyrkja.

Me oppmodar alle som arbeider i området til å gå eller sykle på arbeid.

Det vert ofte verre før det vert betre og me håpar at alle hjelper til for å få dette til å fungere på best mogleg måte i anleggsperioden.

Ved spørsmål ta kontakt med:
Entreprenør er K I Svensdal AS, mobil 91558853
eller kontaktperson i kommunen Tone Tysseland Holmefjord 90069447