HeimNyheiterBadevakt til ungdomsbading

Badevakt til ungdomsbading

Samnanger kommune søker badevakt til ungdomsbading i symjehallen på Samnanger ungdomsskule.
Publisert: 04.07.2022
Sist endra: 04.07.2022

Samnanger kommune søker badevakt til ungdomsbading i symjehallen på Samnanger ungdomsskule. Arbeidstida er torsdagar mellom kl 17:30-19:30. I første omgang vil jobben vara fram til desember 2022, men det er moglegheit for forlenging om tilbodet blir godt brukt. Ungdomsbading er eit lågterskeltilbod for ungdom f.o.m. 8. trinn og fram til 18 år kor ein kan komma for å symja eller ha forskjellige vassaktivitetar i bassenget.

Arbeidsoppgåver:
- Tilsyn med brukarane av bassenget
- Foreta livredning og førstehjelp ved behov
- Tilsyn av basseng og garderobar
- Legge til rette for aktivitetar i bassenget

Kvalifikasjonar:
- Svømmedyktig
- Vera fylt 18 år
- Gyldig livredningskurs er ønskeleg frå start, og eit krav før du byrjer i jobben. Kommunen tilbyr gratis livredningskurs for badevakt.

Særskilte krav til stillinga:
Godkjent politiattest, ikke datert eldre enn 3 måneder.

Personlege eigenskapar:
Positiv og serviceinnstilt.
Tydeleg og trygg.
Ansvarsfull.

Lønn blir fastsett etter kor mange års ansiennitet du har og som du får godkjent når du blir tilsett.

Send inn søknaden din på mail til daniel.borge.kristensen@samnanger.kommune.no