HeimNyheiterBekymringsmeldingar til barnevernet – det er ikkje funne tekniske feil i Samnanger

Bekymringsmeldingar til barnevernet – det er ikkje funne tekniske feil i Samnanger

Bergen kommune har avdekka at enkelte bekymringsmeldingar som er meldt til barnevernet ikkje har kome fram grunna teknisk feil. Det er ikkje funne nokon slike tilfelle i Samnanger.
Publisert: 08.06.2023
Sist endra: 08.06.2023

Feilen som Bergen kommune avdekka, er knytt til samhandlinga mellom den nasjonale meldingsportalen for innsending av bekymringsmeldingar og fagsystemet Visma Familia. Både Bergen og mange andre kommunar, mellom anna Samnanger, brukar Visma Familia.  

Samnanger kommune har gått gjennom alle tilgjengelege loggar, både i meldingsportalen og Visma Familia. Det er ikkje funne noko som tyder på at det er sendt bekymringsmeldingar som ikkje har kome fram til kommunen.