HeimNyheiterUkraina og Samnanger

Ukraina og Samnanger

Kommunen får ein del spørsmål frå innbyggjarar om korleis me skal forhalda oss til krigen i Ukraina. Her finn du informasjon om noko av det me har fått spørsmål om.
Publisert: 11.03.2022
Sist endra: 25.08.2023

Informasjonsprogram (інформаційна програма) til Ukrainske flyktninger
Det er laga eit informasjonsprogram for ukrainske flyktningar med informasjon om mogelege reaksjonar og opplevingar dei kan oppleva som flyktning. Målsettinga med programmet er å informera om mogelege psykologiske reaksjonar og opplevingar som flyktning. Programmet innehelg også enkle øvingar og verktøy som kan vera til hjelp for å redusera stress og bearbeida vanskelege reaksjonar.

Trykk her for å koma vidare til informasjonsprogrammet

Спробуйте її, щоб отримати інформацію про програму 

 

Nedanfor finn du informasjon om noko av det kommunen har fått spørsmål om. 

Ukrainske borgarar i Samnanger vert oppmoda til å registrera seg hos politiet

Samnanger kommune oppmodar alle ukrainske borgarar som har flykta frå krigen i heimlandet og på eige initiativ busett seg privat i kommunen vår om registrere seg hos politiet. Føremålet med dette er å kunne søkje om kollektiv beskyttelse.

Kommunen oppmodar i den samanheng også øvrige innbyggjarar om å dele denne informasjonen med dei det kan gjelde

Sjå meir informasjon i nyheitssak publisert 17.03.2022

Jodtablettar

Mange innbyggjarar spør om kommunen har jodtablettar i beredskap. Her kan me informera om at kommunen har beredskapslager for barn og unge under 18 år, samt for gravide og ammande. Det er desse gruppene styresmaktene anbefaler at kommunane har beredskapslager for.

Beredskapslageret for barn i barnehagar og skular er distribuert ut til skulane og barnehagane i Samnanger, slik at dei skal kunne fordelast raskt til barna dersom det blir behov for dette.

Det er imidlertid slik at Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) seier at det er lite sannsynleg at det blir nødvendig å ta jodtablettar i Noreg som følgje av situasjonen i Ukraina. Direktoratet sitt generelle råd (uavhengig av krigen i Ukraina) er likevel at alle under førti år bør ha jodtablettar lagra heime. Tablettar kan kjøpast reseptfritt på apotek. 

Jodtablettar skal berre takast etter råd gitt frå styresmaktene.

Dersom styresmaktene kjem med råd om å ta jodtablettar, vil tablettar til ungdom under 18 år som ikkje er skuleelevar i kommunen og som ikkje får utlevert tablettar på vidaregåande skule, kunne hentast ved Samnanger helsetun. Det same vil gjelda for gravide og ammande. 

Meir informasjon (eksterne lenker)

Informasjon frå Statsforvaltaren i Vestland om atomberedskap, jodtablettar og krigen i Ukraina.

Informasjon frå Direktoratet for strålevern og atomtryggleik  -  om jodtablettar ved atomulukker. 

Informasjonsplakat frå Direktoratet for strålevern og atomtryggleik  -  om kva du kan gjera for å beskytta deg ved ei atomulukke. 

Andre tryggleikstiltak

Dersom eit av Ukraina sine atomkraftverk skulle bli skada, kan radioaktivt nedfall finne vegen til Norge. Då kan andre tryggleikstiltak verte aktuelle, som at folk blir oppmoda til å halde seg innandørs. I så fall vil det i god tid kome informasjon om tiltak.

Informasjonsplakat frå Direktoratet for strålevern og atomtryggleik  -  om kva du kan gjera for å beskytta deg ved ei atomulukke. 

Brosjyre med råd om eigenberedskap (utarbeidd av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap)

Datatryggleik

Nasjonal sikkerhetsmyndigheit (NSM) forventar auka risiko for cyberangrep mot norske verksemder og institusjonar. Cyberoperasjonar retta mot ukrainske mål, kan også få indirekte konsekvensar for norske verksemder.
NSM anbefaler at verksemder og institusjonar er ekstra påpasselege for slike aksjonar. Meir informasjon finn du på NSM sine nettsider. 

Som privatperson kan du vere ekstra påpasseleg med kva du klikkar på i e-post-vedlegg, sosiale medier og på usikre nettsider. Følg generelle råd for datatryggleik.

Nokon å snakka med

Dersom du har bekymringar eller treng nokon å snakka med, finst det hjelpetilbod i Samnanger kommune, og hjå andre. Snakk gjerne med famile, vener eller kollegaer. Du kan òg ta kontakt med fastlegen din. 

På helsenorge.no finn du oversikt over fleire chat- og telefontenester der du kan snakka anonymt. 

På Utdanningsdirektoratet sine nettsider finn du gode råd om korleis ein kan snakka med barn og unge om kriser, mellom anna krig og frykt. 

Korleis kan du hjelpa? 

Innbyggjarar spør også kva ein kan gjera for å hjelpa Ukraina. Menge humanitære organisasjonar er i gang med hjelpetiltak. Me oppfordrar om å følgja med på nyheiter og andre informasjonskanalar dersom du ønskjer å hjelpa.  

Ta kontakt med friskliv- og frivilligsentralen dersom du ynskjer å verta kontakta ved behov for frivillig innsats i Samnanger kommune.

Har du bustad til flyktningar frå Ukraina? 

Noreg førebur seg på å ta imot eit stort tal flyktningar frå Ukraina. Samnanger kommune ønskjer i samband med dette å kartleggja tilgjengelege bustadar som kan takast i bruk raskt for å busetja flyktningar. Me ber derfor om at dei som ønsker å tilby bustad til flyktningar frå Ukraina, melder frå om dette til kommunen. 

Slik sender du informasjon dersom du ønskjer å tilby bustad:  

Har du ein bustad langs fylkesveg 7 i Samnanger som du ønskjer å tilby, ber me om at du sender følgjande informasjon til kommunen:

  • førenamn og etternamn
  • mobilnummer og e-postadresse
  • adressa til bustaden du ønskjer å tilby
  • storleik på bustaden
  • tal rom i bustaden
  • om det er eige kjøkken og bad i bustaden 
  • andre relevante opplysningar om bustaden

Du kan senda informasjonen til kommunen gjennom løysinga eDialog, eller på e-post til kommunen sitt postmottak (post@samnanger.kommune.no). NB! Ikkje send personsensitiv informasjon på e-post.

Ring gjerne kommunen på telefon 56 58 74 00 dersom du har spørsmål (telefontid 09:00 - 15:00).  

Lenker til oppdatert informasjon frå styresmaktene

Spørsmål og svar om angrepet på Ukraina på regjeringen.no

Informasjon om krisa i Ukraina på udi.no

Politiske vedtak i Samnanger i samband med krigen i Ukraina

Samnanger kommunestyre vedtok 07.04.2022 å godkjenna å busetja 30 flyktningar frå Ukraina, i tråd med oppmodingstal frå IMDI. Trykk her for å lesa saksdokumenta

Samnanger formannskap vedtok 28.07.2022 å opna for å busetja inntil fem ukrainske flyktningar i tillegg til talet på 30 som kommunestyret vedtok 07.04.2022. Trykk her for å lesa saksdokumenta

Samnanger kommunestyre vedtok 23.02.2023 å ta imot og busetja 15 flyktningar i 2023. Trykk her for å lesa saksdokumenta