HeimNyheiterBrøyting og strøing

Brøyting og strøing

 

I kommunen sin standard for vintervedlikehald er følgjande kriteritum lagde til grunne for oppstart av brøyting:

  • Brøyting av kommunale vegar startar normalt ved snødjupna på 8 - 10 cm
  • Ved snøfall om natta skal vegar med høg prioritet vera brøytte til kl 07:00 på kvardagar og til kl 08:00 på helgedagar
  • Ved store snøfall vil brøytinga ta lenger tid
  • Dei viktigaste vegane vert brøytte etter behov og standard heile døgnet, medan brøyting på resten av vegnettet vert utført på dagtid og når snømengda er over 10 cm. Brøyting kan også startas på lågare snødjupn, når dette er fornuftig totaløkonomisk (for eksempel før vêromslag, vår snø osv.)
  • I tida mellom kl. 21:00 og 06:00 må trafikkantane akseptera vanskelegare kjøreforhold enn om dagen
  • Husk at det alltid må vera mist tre meter fri bredde for at brøytemannskap og utrykkningskjøretøy skal koma fram. Er det for smalt til å oppfylla dette, kan du ikkje parkera bilen langsvegen.

Meir informasjon om vintervedlikehald og kva ansvar du har som innbyggjar finn du på heimesida til kommunen.
Her kan du og melda inn feil.


Sist oppdatert: 09.02.2024
Publisert: 09.02.2024