HeimNyheiterBudsjett og økonomiplan 2023–2026

Budsjett og økonomiplan 2023–2026

Kommunestyret vedtok 08.12.2022 budsjett og økonomiplan 2023–2026 for Samnanger kommune.
Publisert: 16.12.2022
Sist endra: 16.12.2022
Saksgang
  • Rådmannen sitt framlegg til budsjett og økonomiplan 2023–2026 vart sendt ut 04.11.2022.
  • Formannskapet handsama 10.11.2022 rådmannen sitt framlegg, og vedtok si innstilling til kommunestyret. Formannskapet vedtok å leggja rådmannen sitt framlegg ut på høyring, før endeleg handsaming i kommunestyret 08.12.2022. 
  • Kommunestyret handsama saka 08.12.2022, og gjorde der endeleg vedtak om budsjett og økonomiplan 2023–2026. 
Kommunestyret sitt vedtak 08.12.2022

Vedtak 08.12.2022 i kommunestyresak 079/2022 om budsjett og økonomiplan 2023–2026: 

1. Rådmannen sitt framlegg til budsjett 2023 og økonomiplan 2023–2026 vert vedteke slik det ligg føre, med desse endringane (punkt A–J):

A. Relativ fattigdom:
Rådmannen får i oppgåve å vurdere løysingar for å bekjempe relativ fattigdom i Samnanger kommune. Som del av dette arbeidet ber kommunestyret rådmannen vurdere følgjande løysing:

Kommunen opprettar eit nytt tenestetilbod der ein skal kontakte familiar som lever med relativ fattigdom, der familiane blir møtt med respekt og forståing for at det er familiane sjølv som veit kva utfordringar dei har. På grunnlag av møta med familiane skal det setjast opp tilpassa støttetiltak/handlingsprogram for den enkelte familie. Det skal i oppfølginga av familiar vere satsing på økonomisk rettleiing. Det nye tenestetilbodet må ha eit særskilt koordineringsansvar for å involvere kommunen sine samla tenester til støtte for familiane som lever i relativ fattigdom.

Det skal i vurdering av løysingar vere ei målsetting å nytte kommunen sine tilgjengelege ressursar, at det ikkje nødvendigvis skal medføre fleire tilsette men at arbeid og løysingar inngår som del av den drifta som kommunen har i dag.

Kommunestyret oppfordrar rådmannen til å hente kunnskap og inspirasjon frå «Familiepartner», ei løysing utvikla av SOS-barnebyer.

Kommunestyret oppfordrar rådmannen til å hente kunnskap og inspirasjon frå ReHabiliteringsklinikken v/ Helse Bergen.

Kommunestyret gjer rådmannen fullmakt til å vurdere og eventuelt søkje om Samnanger kommune skal bli med i det statlege forsøksprosjektet om Frikommune. Søknadsfrist er forventa å vere første halvår i 2023.

Rådmannen rapporterer om arbeidet til formannskap og kommunestyre.

B. Bubilparkering
Rådmannen får i oppgåve å vurdere løysingar for bubilparkering på Bjørkheim, nede ved Grunnavågen. Løysing for bubilparkering skal sjåast i lys av andre tiltak der målsettinga er at området skal vere levande, tilgjengeleg, trygt og attraktivt. Ambisjonen er å få etablert bubilparkering før sumaren 2023. Rådmannen leverer sak til første kommunestyremøte i 2023.

C. Ny kunstgrasbane i Hagabotnane
Rådmannen får i oppgåve å undersøkje moglegheiter for etablering av ny kunstgrasbane m/undervarme i Hagabotnane. Rådmannen leverer sak til kommunestyret våren 2023.

D. Motorsportbane
Rådmannen får i oppgåve å undersøkje mogelegheiter for å etablere motorsportbane i Samnanger der det mellom anna vert lagt til rette for trial og enduro. Rådmannen leverer sak til kommunestyret i løpet av 2023.

E. Vinteropen kunstgrasbane i Hagabotnane
Premiss nr. 12 vert teken inn i budsjett for 2023. Det vert sett av kr. 165 000 til brøyteutstyr og kr. 40 000 til ekstra årleg vedlikehald. Finansiering vert teken gjennom justering av skatteanslag.

F. Midlar retta til aktivitør på Skottabakken
Det vert løyvd kr 50.000 retta til nytilsett aktivitør på Skottebakken. Støtta er løyvd for at det skal kunne kjøpast inn materiale som gjer at brukarene på Skottebakken kan driva aktivitet/produksjon, som på sikt skal drivast etter sjølvkostprinsippet.
Pengane skal hentast frå dispensasjonsfondet.

G. Skulemat
Rådmannen legg fram sak der ein vurderer å gje elevane på ungdomsskulen gratis lunsj to dagar i veka og frukost kvar dag. Saka vert fremja for kommunestyret i februar.

H. Tilskot til skulemusikken
Rådmannen legg fram sak til kommunestyremøtet i februar der ein vurderer dette sett i lys av den samla støtta til kulturlivet i Samnanger.

I. Relativ fattigdom
Rådmannen legg fram sak til kommunestyremøtet i juni der det vert gjort ei vurdering av desse tiltaka:

  • fritidskort
  • varmepumpe
  • straumstøtte

J. Trening for eldre
Administrasjonen utarbeider forslag til styrketrening til alle som fyller 70 år, samt vurderer kva innsparingar dette kan gje i budsjettet til kommunestyret i februar 2023. Me ber rådmannen om å utgreie ulike alternative løysingar.

2. Budsjettert låneopptak i 2023 med bakgrunn i investeringsbudsjettet er på samla 26,66 mill. kr. Av dette skal det takast opp eit lån på 5,5 mill. kr innan sjølvkost som skal gå til VA infrastruktur (4 mill. kr) og Reservevassforsyning (1,5 mill. kr).

Dette i samsvar med kommunelova § 14-15 fyrste ledd.

3. Økonomiplan for 2023-2026 og årsbudsjett for 2023 vert lik oppstillingane i bevilgningsoversikt drift §5-4, bevilgningsoversikt investering §5-5, økonomisk oversikt drift §5-6 og oversikt gjeld og andre vesentlege langsiktige forpliktingar §5-7.

4. Årsbudsjettet for 2023 vert vedteke på sum netto driftsrammer for sektorane, rådmann, fellesinntekter og felleskostnadar.

5. Rådmannen vert gjeven fylgjande fullmakter innanfor budsjettet sine rammer (jf. samsvar Økonomireglement og kommunen sitt finansreglement):

  • Justere budsjetta som følgje av sentrale og lokale lønsoppgjer
  • Budsjettreguleringar innanfor sektorane sine rammer
  • Gjennomføre låneopptak; nye lån og refinansieringar
  • Utføre budsjettreguleringar av teknisk karakter innanfor drift og investering

6. Kontrollutvalet vert gjeve ei ramme på 848 100 kr.

7. Barnevernsutvalet sitt budsjett vert vidareført, oppjustert til 2023- tal.

8. Det vert starta eit arbeid med heilskapleg plan for framtidige behov.

9. Program for handlefridom skal gjennomførast i planperioden 2023- 2026.

10. Det vert oppretta eit kommunalt innovasjons- og utviklingsfond med eigne vedtekter. Fullmakt og delegering vert ført inn i kommunen sitt delegeringsreglement.

11. Det vert gjeve ei fullmakt frå politisk nivå til rådmann i høve til å framforhandle avtalar som kan avslutte pågåande rettssaker innanfor barnevernsområdet. Dette innanfor dei økonomiske rammene for budsjett 2023.

12. Tilskot til Samnanger kyrkjestyre vert lagt fram i eiga sak.

13. Betalingssatsar – gebyr avgifter 2023 vert lagt fram i eiga sak.

14. Det vert skrive ut eigedomsskatt på faste eigedomar i kommunen i 2023. Den generelle skattesatsen som skal gjelda for dei skattepliktige eigedomane vert sett til 7 ‰. Satsane er differensiert ved at den satsen som skal gjelda for bustader og fritidseigedomar vert sett til 1,4 ‰. Satsen for bustadar og fritidseigedomar vert med det halvert.

For bustaddelen av eigedomen (gjeld og fritidseigedom) vert det gitt eit botnfrådrag på kr 30 000 av takstverdi. Botnfrådraget vert gitt for alle sjølvstendige bustaddelar. Botnfrådrag vert ikkje gitt når eigedomen vert nytta til næringsverksemd.

Det vert skrive ut eigedomsskatt på det særskilte skattegrunnlaget som vert redusert med 5/7 delar i 2023. Skattesatsen på det særskilte skattegrunnlaget skal være 7 promille.

I medhald av eigedomsskattelova vert det gjeve fritak til stiftingar eller institusjonar som har som formål å gagna kommunen, fylket eller staten. Unnateke er kommersielle stiftingar/ institusjonar. Fritaket vil gjelda forsamlingshus, bedehus, turisthytter og liknande. Fritak kan og vurderast på grunnlag av søknad.

I medhald av eigedomsskattelova vert det gjeve fritak for bygningar som har historisk verdi med 100 prosent. Fritak kan og vurderast på grunnlag av søknad. Det er eit krav at bygget har bevart sin opphavlege arkitektoniske stil og at det ikkje vert brukt til forretningsverksemd.

I medhald av eigedomsskattelova vert det gjeve fritak for nybygde bustadeigedomar (gjeld ikkje fritidseigedomar) i 2 år, eller til kommunestyret endrar eller opphevar fritaket. Formannskapet får fullmakt til å avgjera einskildsaker om skattefritak.

Kommunestyret har vedtatt å bruka formuesgrunnlag frå skatteetaten for utskriving av eigedomsskatt på bustadhus. Bustadhus og hytter utan formuesgrunnlag vert takserte. Det same gjeld næringsverksemd, tomtar mm. Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen dei til ei kvar tid gjeldande skattevedtekter.

Trykk her for saksdokumenta for kommunestyremøtet 08.12.2022. 

Formannskapet si innstilling 10.11.2022

Vedtak 10.11.2022 i formannskapssak 063/2022: 

  • Framlegget frå rådmannen til budsjett og økonomiplan 2023–2026 blir lagt ut på høyring, og innkomne tilleggspunkt blir lagt med som protokollmerknad til høyringa.

Trykk her for saksdokumenta for formannskapsmøtet 10.11.2022.

Lenker til rådmannen sitt framlegg
Andre saker med relevans for budsjett og økonomiplan 2023–2026