HeimNyheiterBudsjett 2024 og økonomiplan 2024–2027

Budsjett 2024 og økonomiplan 2024–2027

Kommunestyret vedtok 07.12.2023 budsjett 2024 og økonomiplan 2024–2027 for Samnanger kommune.
Publisert: 13.12.2023
Sist endra: 13.12.2023
Saksgang
  • Rådmannen sitt framlegg til budsjett 2024 og økonomiplan 2024–2027 vart sendt ut 02.11.2023. 
  • Formannskapet handsama 09.11.2023 rådmannen sitt framlegg, og vedtok innstillinga si til kommunestyret. Formannskapet vedtok å leggja framlegget til budsjett og økonomiplan ut på høyring, før endeleg handsaming i kommunestyret 07.12.2023. 
  • Kommunestyret handsama saka 07.12.2023, og gjorde der endeleg vedtak om budsjett 2024 og økonomiplan 2024–2027.  
Kommunestyret sitt vedtak 07.12.2023

1. Rådmannens talbudsjett for 2024 vert vedteke med følgande endringar:

  • Avsetting til disposisjonsfond 2024: kr. 5,8 mill. (ned frå kr. 6,5 mill.)
  • Overføring til investering vert redusert med 1 mill.
  • Det vert ikkje sett av kr. 1 mill. i investeringsbudsjettet ifm. tiltak i Vassloppa barnehage
  • Det vert ikkje sett av kr. 0,3 mill. i driftsbudsjett (rådmann) ifm. tiltak i Vassloppa barnhage
  • 50.000 vert sett av til aktivitør på Skottabakken, finansiert ved auka inntekter konsesjonskraft
  • 50.000 vert disponert til profilering av Samnanger kommune, finansiert ved auka inntekter konsesjonskraft
  • 700.000 vert disponert til uteområde ungdomsskule, finansiert ved auka inntekter konsesjonskraft
  • 200.000 vert disponert til investeringsmidlar praktisk skulekvardag, t.d. knytt til grendahage, finansiert med auka inntekter konsesjonskraft


‎Tot. 2 mill. vert fordelt slik for 2024:
‎+ 1,25 mill. drift Oppvekst
‎+ 0,75 Pilotprosjekt auka grunnbemanning, barnehage

Verbalpunkt:

‎2. Budsjettert låneopptak i 2024 med bakgrunn i investeringsbudsjettet er på 32,25 mill. kr. Av dette skal det takast opp eit lån på 4,7 mill. kr innan sjølvkost som skal gå til VA infrastruktur (4 mill. kr) og Reservevassforsyning (0,7 mill. kr). I tillegg er det sett av 5 mill. kr som skal gå til formidla startlån. Dette i samsvar med kommunelova § 14-15 fyrste ledd.

‎3. Økonomiplan for 2024- 2027 og årsbudsjett for 2024 vert lik oppstillingane i bevilgningsoversikt drift § 5-4, bevilgningsoversikt investering § 5-5, økonomisk oversikt drift § 5-6 og oversikt gjeld og andre vesentlege langsiktige forpliktingar § 5-7.

‎4. Årsbudsjettet for 2024 vert vedteke på sum netto driftsrammer for sektorane, rådmann og felleskostnadar- og inntekter.

‎5. Rådmannen vert gjeven fylgjande fullmakter innanfor budsjettet sine rammer (jf. samsvar Økonomireglement og kommunen sitt finansreglement):‎

  • Justere budsjetta som følgje av sentrale og lokale lønsoppgjer
  • Budsjettreguleringar innanfor sektorane sine rammer
  • Gjennomføre låneopptak; nye lån og refinansieringar
  • Utføre budsjettreguleringar av teknisk karakter innanfor drift og investering


‎6. Kontrollutvalet vert gjeve ei råme på 1 081 000 kr.

‎7. Prosjektplan – temaplan for struktur og eigedomsmasse 2024- 2033 vert lagt fram for kommunestyret som eiga sak våren 2024 for politisk handsaming.

‎8. Utgreiing av barnehage– og skulestruktur skal halde fram og dette vert lagt til OHO-utvalet. Det er viktig at ei slik utgreiing inkluderer tilsette og brukarar og legg opp til reell medverknad før avgjerder om strukturendringar skal endeleg vedtakast.

‎I samband med planstrategi for inneverande valperiode bør det vurderast ein eigen skule/barnehagebruksplan.

‎9. Skissert Program for handlefridom held fram som tidlegare vedteke; i 2024, og vidare i utover i kommande planperiode for 2025- 2027, med atterhald om utslag frå endringar i budsjettframlegget til rådmann.

‎10. Framlegg til vedtekter for kommunalt kulturfond som vart oppretta i 2023 vert vedteke. Fullmakt og delegering vert ført inn i kommunen sitt nye og reviderte delegeringsreglement.

‎11. Driftstilskot til Samnanger kyrkjestyre vert gjeve innanfor ei råme på 3,5 mill. kr. Denne råma er utover avtala kommunal tenesteyting.

‎På investeringssida får Samnanger kyrkjestyre løyving til 2 nye prosjekt i 2024; 420 000 kr til investeringstiltak ved Haga kyrkje og 250 000 kr til investeringstiltak ved Aadland kyrkje.

‎12. Betalingssatsar ligg i rådmannen sitt framlegg i Framsikt. Satsane for gebyr og avgifter for 2024 vert lagt fram og vedteke i eiga sak.

‎13. I Samnanger kommune vert det oppretta familielos-funksjon og fritidstilskot til born og unge som del av arbeid med relativ fattigdom i kommunen.

‎14. Framlegg til prosjektskisse for prøveordning med Fritidstilskot for barn og unge i Samnanger kommune i 2024 vert vedteke.

‎15. Rådmann syner til utgreiing kring møtestad og gaming-rom i gamle biblioteket på kommunehuset. Det vert vedteke å ikkje gå vidare med denne løysinga.

‎16. Det vert skrive ut eigedomsskatt på faste eigedomar i kommunen i 2023. Den generelle skattesatsen som skal gjelda for dei skattepliktige eigedomane vert sett til 7 ‰. Satsane er differensiert ved at den satsen som skal gjelda for bustader og fritidseigedomar vert sett til 1,0 ‰. Satsen for bustadar og fritidseigedomar går med det ned frå 1,4 ‰. Eigedomskatt for næringsverksemd vert ståande på 7 ‰.

‎Eigedomskatt for næringsverksemd vert ståande på 7 ‰. For bustaddelen av eigedomen (gjeld og fritidseigedom) vert det gitt eit botnfrådrag på kr 30 000 av takstverdi. Botnfrådraget vert gitt for alle sjølvstendige bustaddelar. Botnfrådrag vert ikkje gitt når eigedomen vert nytta til næringsverksemd. Det vert skrive ut eigedomsskatt på det særskilte skattegrunnlaget som vert redusert i 2024. Skattesatsen på det særskilte skattegrunnlaget skal være 7 promille. 3 I medhald av eigedomsskattelova vert det gjeve fritak til stiftingar eller institusjonar som har som formål å gagna kommunen, fylket eller staten. Unnateke er kommersielle stiftingar/ institusjonar. Fritaket vil gjelda forsamlingshus, bedehus, turisthytter og liknande. Fritak kan og vurderast på grunnlag av søknad. I medhald av eigedomsskattelova vert det gjeve fritak for bygningar som har historisk verdi med 100 prosent. Fritak kan og vurderast på grunnlag av søknad. Det er eit krav at bygget har bevart sin opphavlege arkitektoniske stil og at det ikkje vert brukt til forretningsverksemd. I medhald av eigedomsskattelova vert det gjeve fritak for nybygde bustadeigedomar (gjeld ikkje fritidseigedomar) i 2 år, eller til kommunestyret endrar eller opphevar fritaket. Formannskapet får fullmakt til å avgjera einskildsaker om skattefritak.

‎17. Investeringsbudsjettet vert justert, slik at det ikkje vert løyva pengar til bygging av fleirbrukshall dei fyrste fire åra.

‎18. Kommunestyret ber om at OHO-utvalet arbeider med evalueringskriterium utarbeida sak om eit 1,5-årig pilotprosjekt der ein ser på tiltak som m.a. styrka grunnbemanning i dei kommunale barnehagane gjeldande frå midten av 2024 og heile 2025. Saka vert lagt fram i junimøtet 2024. Som løysing for pilotprosjekt kan det også vurderast å opprette ny stilling i oppvekstsektoren, der intensjonen er å sikre god tilretteleiing/ PPT sin «forlenga arm» til skular og barnehagar, samt å kunne støtte flyktningane og andre til inkludering i lokalsamfunnet.

‎19. Kommunestyret ber om at det vert utarbeida ei kostnadsutgreiing på utviding av fryserom (kjøkken) på Samnangerheimen. Denne er per i dag altfor liten mtp. både krav frå Mattilsynet om korrekt fryselagring og høveleg kapasitet til oppbevaring av matvarer.

‎20. Kommunestyret ber om eit kostnadsoverslag for resterande veg av Hagabakkane. Rådmannen skal som del av forberedande arbeider vurdere ulike entreprisemodellar. Det bør her takast med erfaringar frå gjennomføring av totalentreprise i 2021. Kommunestyret ber om å få sak til handsaming vinter/vår 2024.

21. Områdeplan Bjørkheim: Dialogen mellom grunneigarar og samananger kommune må betrast. Ordførar/varaordførar kallar inn til første dialog-/avklaringsmøte veke 50 (11.-15. desember 2023).

22. Rekruttering av menn i oppvekst- og omsorgssektoren. Rådmannen får i oppgåve å vurdere målretta tiltak for å få fleire menn til å arbeide i omsorgs- og oppvekstsektoren. Som forberedande arbeider skal det gjennomførast dialogmøte i OHO-utvalet. Kommunestyret ber om å få sak/ orientering vinter/vår 2024.

23. Prosjekt «Inkluderande fritidstilbod». Rådmannen får i oppgåve å utarbeide mandat for prosjekt kalla «Inkluderande fritidstilbod». Som forberedande arbeider skal det gjennomførast dialogmøte i OHO-utvalet. Kommunestyret ber om å få sak til handsaming vinter/vår 2024.

24. Rutinar for lapping av asfalthol og vinterveghald. Rådmann får i oppgåve å vurdere forbetringar i rutiner for vinterveghald og lapping av asfalthol. Kommunestyret ber om å få orientering i første kommunestyremøte i 2024.

25. Tilfluktsrom Frøland. Rådmannen får i oppgåve å undersøkje om kommunen kan overdra tilfluktsrom frå Eviny på Frøland kostnadsfritt, samt om det er interessant for kommunen å overta bygget. Kommunestyret ber om å få sak/ orientering vinter/ vår 2024.

26. Lysforhold øvre gravplass. Rådmannen får i oppgåve, i samarbeid med kyrkja, å vurdere forbetring av lysforholda ved den nye gravplassen. Kommunestyret ber om å få sak/orientering vinter/vår 2024.

27. Utsalsstad næringsdrivande Bjørkheim. Rådmannen får i oppgåve å vurdere å erstatte paviljongen på Bjørkheim med utsalstad for lokale næringsdrivande. Kommunestyret ber om å få sak til handsaming vinter/vår 2024.

28. Kongebesøk. Ordføraren får i oppgåve å samarbeide med Vaksdal kommune og Osterøy kommune for mogeleg kongebesøk i nær framtid. Ordføraren held kommunestyret orientert.

29. Budsjettforenkling. Rådmannen får i oppgåve å vurdere i kva grad det er mogeleg, og om det er hensiktsmessig, å gjere budsjettprosessen mindre omfattande. Kommunestyret ber om å få sak/ orientering vinter/vår 2024.

30. Kommunestyret ber om ein gjennomgang av innkjøpsreglementet, inkludert vekting av klima i anbodsprosessar, og ei vurdering av handlingsrommet rundt innkjøp frå lokale leverandørar, til dømes knytt til lokalprodusert mat.

31. Kommunestyret ber om at det vert utarbeida ein modell for vikarpool i Samnanger kommune. Vikarpoolen skal omfatta sektorane Oppvekst og Helse- og omsorg.Saka skal følgast av OHO-utvalet, gjennom dialog og innspel frå sektorleiarar, einingsleiarar og tilitsvalde, før ho vert lagt fram i kommunestyret hausten 2024. Følgande moment må liggja til grunn: 

  • Poolen må nødvendigvis vera delt inn sektorvis, slik at dei tilsette har rett kompetanse ift. sektoren dei tilhøyrer.
  • Einingane i sektorane bør ha samordna vikarbudsjett då dei nyttar seg av samme pool.
  • Dei som vert tilsett i vikarpoolen, skal vera fast tilsette i kommunen. Dei skal ha god opplæring ved - og kunne arbeide - ved ulike einingar i den sektoren dei tilhøyrer etter behov, men ha fast møtestad ved arbeidsdagens start.

32. Kommunestyret ynskjer å prioritera trafikktryggleik. Det kan gjerast gjennom revisjon av trafikktryggleiksplanen, men før ein slik kan gjerast, ber kommunestyret rådmannen likevel undersøka moglegheitene for å søkja om støtte frå den nasjonale tilskotsordninga til tryggare skulevegar og nærmiljø; t.d. til fartsreduserande tiltak.

33. Ved ledig kapasitet, skal det vere høve til å leige ut plassar ved Samnangerheimen med gjensidig oppseiingstid på 1 mnd.

34. Kommunestyret ynskjer å i størst mogeleg grad å legga til rette for å nytte startlån frå Husbanken til sosial utjamning og hjelp i krevjande økonomiske situasjonar. Vi ynsker også å nytte startlån som eit ledd i rekruttering av fagfolk det er behov for.

Formannskapet si innstilling 09.11.2023

Framlegg til budsjett – og økonomiplan for 2024-2027 i Framsikt vert lagt ut på høyring. Høyringsfrist vert sett til 24. november.

1. Rådmannens talbudsjett for 2024 vert vedteke med følgande endringar:

  • Avsetting til disposisjonsfond 2024: kr. 5,8 mill. (ned frå kr. 6,5 mill.)
  • Overføring til investering vert redusert med 1 mill.
  • Det vert ikkje sett av kr. 1 mill. i investeringsbudsjettet ifm. tiltak i Vassloppa barnehage.
  • Det vert ikkje sett av kr. 0,3 mill. i driftsbudsjett (rådmann) ifm. tiltak i Vassloppa barnhage.

Tot. 2 mill. vert fordelt slik for 2024:
+ 1,25 mill. drift Oppvekst
+ 0,75 Pilotprosjekt auka grunnbemanning, barnehage


Verbalpunkt:

2. Budsjettert låneopptak i 2024 med bakgrunn i investeringsbudsjettet er på 32,25 mill. kr. Av dette skal det takast opp eit lån på 4,7 mill. kr innan sjølvkost som skal gå til VA infrastruktur (4 mill. kr) og Reservevassforsyning (0,7 mill. kr). I tillegg er det sett av 5 mill. kr som skal gå til formidla startlån. Dette i samsvar med kommunelova § 14-15 fyrste ledd.

3. Økonomiplan for 2024- 2027 og årsbudsjett for 2024 vert lik oppstillingane i bevilgningsoversikt drift §5-4, bevilgningsoversikt investering §5-5, økonomisk oversikt drift §5-6 og oversikt gjeld og andre vesentlege langsiktige forpliktingar §5-7.

4. Årsbudsjettet for 2024 vert vedteke på sum netto driftsrammer for sektorane, rådmann og felleskostnadar- og inntekter.

5. Rådmannen vert gjeven fylgjande fullmakter innanfor budsjettet sine rammer (jf. samsvar Økonomireglement og kommunen sitt finansreglement):

  • Justere budsjetta som følgje av sentrale og lokale lønsoppgjer
  • Budsjettreguleringar innanfor sektorane sine rammer
  • Gjennomføre låneopptak; nye lån og refinansieringar
  • Utføre budsjettreguleringar av teknisk karakter innanfor drift og investering

6. Kontrollutvalet vert gjeve ei råme på 1 081 000 kr.

7. Prosjektplan – temaplan for struktur og eigedomsmasse 2024- 2033 vert lagt fram for kommunestyret som eiga sak våren 2024 for politisk handsaming.

8. Utgreiing av barnehage– og skulestruktur skal halde fram og dette vert lagt til OHO-utvalet. Det er viktig at ei slik utgreiing inkluderer tilsette og brukarar og legg opp til reell medverknad før avgjerder om strukturendringar skal endeleg vedtakast.

I samband med planstrategi for inneverande valperiode bør det vurderast ein eigen skule/barnehagebruksplan.

9. Skissert Program for handlefridom held fram som tidlegare vedteke; i 2024, og vidare i utover i kommande planperiode for 2025- 2027, med atterhald om utslag frå endringar i budsjettframlegget til rådmann.

10. Framlegg til vedtekter for kommunalt kulturfond som vart oppretta i 2023 vert vedteke. Fullmakt og delegering vert ført inn i kommunen sitt nye og reviderte delegeringsreglement.

11. Driftstilskot til Samnanger kyrkjestyre vert gjeve innanfor ei råme på 3,5 mill. kr. Denne råma er utover avtala kommunal tenesteyting.

På investeringssida får Samnanger kyrkjestyre løyving til 2 nye prosjekt i 2024; 420 000 kr til investeringstiltak ved Haga kyrkje og 250 000 kr til investeringstiltak ved Aadland kyrkje.

12. Betalingssatsar ligg i rådmannen sitt framlegg i Framsikt. Satsane for gebyr og avgifter for 2024 vert lagt fram og vedteke i eiga sak.

13. I Samnanger kommune vert det oppretta familielos- funksjon og fritidstilskot til born og unge som del av arbeid med relativ fattigdom i kommunen.

14. Framlegg til prosjektskisse for prøveordning med Fritidstilskot for barn og unge i Samnanger kommune i 2024 vert vedteke.

15. Rådmann syner til utgreiing kring møtestad og gaming- rom i gamle biblioteket på kommunehuset. Det vert vedteke å ikkje gå vidare med denne løysinga.

16. Det vert skrive ut eigedomsskatt på faste eigedomar i kommunen i 2023. Den generelle skattesatsen som skal gjelda for dei skattepliktige eigedomane vert sett til 7 ‰. Satsane er differensiert ved at den satsen som skal gjelda for bustader og fritidseigedomar vert sett til 1,0 ‰. Satsen for bustadar og fritidseigedomar går med det ned frå 1,4 ‰. Eigedomskatt for næringsverksemd vert ståande på 7 ‰.

Eigedomskatt for næringsverksemd vert ståande på 7 ‰. For bustaddelen av eigedomen (gjeld og fritidseigedom) vert det gitt eit botnfrådrag på kr 30 000 av takstverdi. Botnfrådraget vert gitt for alle sjølvstendige bustaddelar. Botnfrådrag vert ikkje gitt når eigedomen vert nytta til næringsverksemd. Det vert skrive ut eigedomsskatt på det særskilte skattegrunnlaget som vert redusert i 2024. Skattesatsen på det særskilte skattegrunnlaget skal være 7 promille. 3 I medhald av eigedomsskattelova vert det gjeve fritak til stiftingar eller institusjonar som har som formål å gagna kommunen, fylket eller staten. Unnateke er kommersielle stiftingar/ institusjonar. Fritaket vil gjelda forsamlingshus, bedehus, turisthytter og liknande. Fritak kan og vurderast på grunnlag av søknad. I medhald av eigedomsskattelova vert det gjeve fritak for bygningar som har historisk verdi med 100 prosent. Fritak kan og vurderast på grunnlag av søknad. Det er eit krav at bygget har bevart sin opphavlege arkitektoniske stil og at det ikkje vert brukt til forretningsverksemd. I medhald av eigedomsskattelova vert det gjeve fritak for nybygde bustadeigedomar (gjeld ikkje fritidseigedomar) i 2 år, eller til kommunestyret endrar eller opphevar fritaket. Formannskapet får fullmakt til å avgjera einskildsaker om skattefritak.

17. Investeringsbudsjettet vert justert, slik at det ikkje vert løyva pengar til bygging av fleirbrukshall dei fyrste fire åra.

18. Kommunestyret ber om at OHO-utvalet arbeider med evalueringskriterium utarbeida sak om eit 1,5-årig pilotprosjekt der ein ser på tiltak som m.a. styrka grunnbemanning i dei kommunale barnehagane gjeldande frå midten av 2024 og heile 2025. Saka vert lagt fram i junimøtet 2024.

19. Kommunestyret ber om at det vert utarbeida ei kostnadsutgreiing på utviding av fryserom (kjøkken) på Samnangerheimen. Denne er per i dag altfor liten mtp. både krav frå Mattilsynet om korrekt fryselagring og høveleg kapasitet til oppbevaring av matvarer.

20. Kommunestyret ber om eit kostnadsoverslag for resterande veg av Hagabakkane.

Lenke til rådmannen sitt framlegg
Andre saker av relevans for budsjett 2024 og økonomiplan 2024–2027