HeimNyheiterBusetting av flyktningar frå Ukraina og koordinering av mottak i Samnanger

Busetting av flyktningar frå Ukraina og koordinering av mottak i Samnanger

Torsdag 07.04.22 vedtok kommunestyret å busetje 30 flyktningar frå Ukraina i tråd med oppmodingstal frå IMDI.

I Samnanger kommune har organisasjonen dei siste vekene hatt faste koordineringsmøter vedkomande situasjonen. Koordineringsarbeidet knytt til mottak og busetting av flyktningar er lagt til NAV-tenesta. Tenesta samarbeider med øvrige tenesteområde som barnehage, skule, helse, barnevern og innbyggarservice. Me ønskjer å førebu kommunen så godt som råd i å ta imot flyktningar frå Ukraina på ein god måte.

Det uvisst kor mange som kjem, og når dei kjem. Det er òg uvisst om dei som kjem ønskjer å opphalde seg her i kort tid eller lang tid.

Me er svært glade for engasjementet frå dykk innbyggarar. Det er mange som har meldt frå om høve til bustad, og tek kontakt med ønskje om å bidra på ulike måtar. 

Per i er det litt tidleg å mobilisere til frivillig innsats ettersom me ikkje har fått kartlagt behova til dei som kjem. Ta likevel kontakt med friskliv- og frivilligsentralen dersom du ønskjer å verta kontakta ved behov for frivillig innsats.

 Les meir om beredskap i samband med situasjonen i Ukraina her. 


Sist oppdatert: 08.04.2022
Publisert: 08.04.2022