HeimNyheiterEigedomsskatteliste for 2024 til offentleg gjennomsyn

Eigedomsskatteliste for 2024 til offentleg gjennomsyn

På bakgrunn av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt for 2024, og med heimel i eigedomsskattelova § 15, vert eigedomsskattelistene lagt ut til offentleg gjennomsyn i tre veker frå og med tysdag 30.01.2024.
Listene vert lagt ut på kommunehuset på Tysse og i biblioteket på Bjørkheim.
Ein kan og sjå gjennom eigedomsskattelistene digitalt her.

 

Lista viser dei skattepliktige eigedomane med opplysning om matrikkelnummer (gards-, bruks-, feste- og seksjonsnummer), eigedomsskattetaksten, botnfrådrag for bustad- og fritidseigedomar (kr. 30 000 pr. bustadeining), grunnlaget for eigedomsskatt, skattesats og utrekna eigedomsskattebeløp.

 

Det er eiga liste for nokre av næringseigedomane (tidlegare verk og bruk), og det er òg utarbeidd ei liste for eigedomar med fritak.

 

Klage på vedtatt eigedomsskatt kan fremmast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt dersom det ikkje er sendt klage på same grunnlag tidlegare år. Klagen må sendast skriftleginnan 6 veker. Klagefrist er 12.mars 2024.
Klage kan sendast

  • på e-post til eigedomsskatt@samnanger.kommune.no (merk e-post med gards- og bruksnr)
  • pr post til Samnanger kommune, Eigedomsskattekontoret, Tyssevegen 217, 5650 Tysse.

 

Eigarar som har eigedomar med takst frå formuesgrunnlag, kan ikkje sende klage på skattetaksten til kommunen. Dei kan klage til kommunen dersom det for eks. er feil sats, feil på botnfrådrag mm.

 

Eigedomsskatten vert sendt ut saman med kommunale avgifter 4 gonger i året.
I 2024 er det forfall 20.02 for 1.kvartal. 2.kvartal vil ha forfall 21.05, 3.kvartal vil ha forfall 20.08 og 4.kvartal vil ha forfall 20. november. For dei som ynskjer det, kan kommunale gebyr og eigedomsskatt fakturerast månadleg eller årleg.

 

Faktura som vert sendt ut i januar 2024 er skattesetel og her står det mellom anna om eigedomen har takst frå formuesgrunnlag (takst frå Formuesgr.) eller er taksert av kommunen (Vedtatt takst).

 

Frå om med 2020 er det i Eigedomsskattelova § 8 innført ein obligatorisk reduksjonsfaktor på 30 % som gjeld bustad- og fritidshus. Dette gjeld både dei som har takst frå formuesgrunnlag og dei som er taksert av kommunen.

 

Slik kan du kontrollere korleis skatt er berekna: ((takst *0,7) – botnfrådrag) * 1,0 ‰ (hus/hytter).

 

Det vert ikkje kravd inn eigedomsskatt under kr 300 (ny beløpsgrense frå 2021).


Sist oppdatert: 30.01.2024
Publisert: 30.01.2024