HeimNyheiterEigedomsskatteliste til offentleg gjennomsyn

Eigedomsskatteliste til offentleg gjennomsyn

På bakgrunn av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt for 2022, og med heimel i eigedomsskattelova § 15, vert eigedomsskattelistene lagt ut til offentleg gjennomsyn i tre veker frå og med måndag 31.01.2022. Listene vert lagt ut her på kommunen si heimeside, på kommunehuset på Tysse og i biblioteket på Bjørkheim. 

Lista viser dei skattepliktige eigedomane med opplysning om matrikkelnummer (gards-, bruks-, feste- og seksjonsnummer), eigedomsskattetaksten, botnfrådrag for bustad- og fritidseigedomar (kr. 30 000 pr. bustadeining), grunnlaget for eigedomsskatt, skattesats og utrekna eigedomsskattebeløp.

Det er eiga liste for nokre av næringseigedomane (tidlegare verk og bruk), og det er òg utarbeidd ei liste for eigedomar med fritak.

Eigedomsskattelister 2022

(Eigedomsskattelistene for 2022 låg ute til offentleg gjennomsyn i tre veker frå 31.01.2022). 

Klagereglar

Klage på vedtatt eigedomsskatt kan fremmast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt, dersom det ikkje er sendt klage på same grunnlag tidlegare år. Klagen må sendast skriftleg innan 6 veker. Klagefrist er 16.03.2022.

Trykk her for klageskjema.

Klage kan sendast på ein av følgjande måtar:

Eigarar som har eigedomar med takst frå formuesgrunnlag kan ikkje sende klage på skattetaksten til kommunen. Dei kan klage til kommunen dersom det for eksempel er feil sats, feil på botnfrådrag m.m.

Fakturering av eigedomsskatt

Eigedomsskatten sendt ut (fakturert) saman med kommunale avgifter fire gongar i året. 

I 2022 er det følgjande forfallsdatoar for betaling av eigedomsskatt:

1. kvartal - 21. februar
2. kvartal - 20. mai
3. kvartal - 22. august
4. kvartal - 21. november

Faktura for 1. kvartal 2022 er skattesetel, og her står det mellom anna om eigedomen har takst frå formuesgrunnlag (takst frå Formuesgr.) eller er taksert av kommunen (Vedtatt takst).

Korleis er eigedomsskatten rekna ut?

Frå og med 2020 er det i Eigedomsskattelova § 8 innført ein obligatorisk reduksjonsfaktor på 30 %, som gjeld budstad- og fritidshus. Dette gjeld både dei som har takst frå formuesgrunnlag og dei som er taksert av kommunen.

Slik kan du kontrollere korleis eigedomsskatten er berekna/rekna ut:

((takst * 0,7) - botnfrådrag) * 2,8 ‰

Det vert ikkje kravd inn eigedomsskatt under kr. 300 per år. 


Sist oppdatert: 25.02.2022
Publisert: 31.01.2022