HeimNyheiterNytt smittetilfelle i Samnanger

Nytt smittetilfelle i Samnanger

Det er påvist eit nytt smittetilfelle i dag, onsdag 10.11.2021.
Publisert: 10.11.2021
Sist endra: 10.11.2021

Det er påvist eit nytt smittetilfelle i dag, onsdag 10.11.2021.
Det gjeld ein ansatt i Vassloppa barnehage. Smittevegen er kjend.
Smittesporing er utført.
Den aktuelle avdelinga er stengd i dag, men opnar igjen i morgon.
Smitten i Vassloppa har samanheng med smitta på barneskulen, der det allereie er inført tiltak.
Ingen andre institusjonar, verksemder, arbeidsplassar eller arrangement i Samnanger er berørte per i dag.

Det er ei viss risiko for at det vert påvist fleire smitta i Samnanger dei næraste dagane.

Alle naudsynte tiltak er utført så langt, og alle aktuelle personar, grupper, arbeidsplassar, skular mv. som treng forhaldsreglar er varsla.
Alle andre bør følgja dei vanlege smittevernreglane.
Ein minnar om at alle som får symptom på luftvegssykdom må halde seg heime og testa seg.

Det er sidan mars 2020 påvist totalt 33 smitta med opphaldsadresse i Samnanger.
Ein gjer merksam på at FHI (Folkehelseinstituttet) opererer med andre smittetal. Dette skuldast at FHI inkluderer smitta folkeregistrerte personar i Samnanger som ikkje bur i kommunen.