HeimNyheiterFamilielos og fritidstilskot

Familielos og fritidstilskot

Samnanger kommune oppretter familielos.
Dette er eit lavterskeltilbod til dei som er i ein vanskeleg situasjon og treng koordinering av ulike tjenester i kommunen, med tilrettelegging og oppfølgingsstøtte.


Familielosen kan hjelpa med å oppretta kontakt med andre instansar, bistå med å etablera nettverk, og vera eit knutepunkt opp mot frivillige lag og organisasjonar.
Målet er at familiar vil koma seg ut av ein vanskeleg situasjon og opplever at kommunen spelar på lag med dei.
Familielosen har og ansvar for fritidstilskotet, som er ei prøveordning på eitt år, der born og unge mellom 6 og 18 år kan søka.

  

 

Det at born og unge får delta i fritidsaktivitetar er ei viktig kjelde til fellesskap, identitet og meistring. Samnanger kommune er opptatt av at alle born som ønskjer skal få delta i fritidsaktivitetar uavhengig av økonomisk situasjon.

 

Terskelen for å søka tilkot kan vera høg, men her kan ein søka uavhengig om familien får andre tenester frå familielosen eller frå kommunen. Om ein har born eller ungdom som ikkje kan delta i fritidsaktivitetar som dei ynskjer, ta gjerne kontakt, eller fyll ut søknadsskjema.
Døme på tilskot: medlemskontigent, elevkontigent, kurs/cup/leir, treningskle/øvingsutstyr, reise tilknytt aktiviteten.

Ordninga er tillitsbasert og det vert ikkje stilt krav til dokumentasjon av privatøkonomi.

Trykk her for å koma til søknadsskjema
Søknadsskjema kan og hentast på kommunehuset dersom ein ikkje får det til digitalt.

Søknadsskjema kan sendast til Samnanger kommune pr. post, eller eDialog. Skjema kan og leverast på kommunehuset.

Søknader vert handsama fortløpande.

Ta kontakt:
Mailadresse: familielos@samnanger.kommune.no
Tlf: 48481089


Sist oppdatert: 05.01.2024
Publisert: 05.01.2024