HeimNyheiterFem nye smittetilfelle i Samnanger

Fem nye smittetilfelle i Samnanger

Det er pr. onsdag 24. november påvist fem nye smittetilfelle sidan førre smitteoppdatering tysdag 23. november.
Publisert: 25.11.2021
Sist endra: 25.11.2021

Det er pr. onsdag 24. november påvist fem nye smittetilfelle sidan førre smitteoppdatering tysdag 23. november.
Tre av dei smitta er elevar i 5. klasse. Dei to andre er nærkontaktar i husstand til tidlegare smitta, som no har testa positivt.
15 personar er no i isolasjon.

Frå 7.-21. november hadde me eit utbrot på 7. klassetrinn med til saman sju smitta. Siste elev er no avisolert.

I tillegg har me sidan 7. november hatt fleire spreidde tilfelle på barneskulen, på ungdomsskulen og i befolkninga ellers.

Frå tysdag 23. november har til saman fire elevar testa positivt i 5. klasse. Og me har difor eit nytt utbrot på barneskulen. Smittevegen er usikker.
Det er sett inn smitteavgrensande tiltak på barneskulen. Barn på alle klassetrinn som er friske kan gå på skulen som vanleg.
Ved symptom skal ein halde seg heime og testa seg. Det er innført massetesting to gonger pr. veke for 5. klasse for å fanga opp evt. nye smitta tidleg.

Situasjonen på 5. klassetrinn vil vere noko uoversiktleg nokre dagar til. Og som i dei andre kommunane i Bergensregionen er det høg risiko for at det vert påvist fleire smitta i på barneskulen og elles dei næraste dagane.
Barna kan likevel gå på skulen om dei er friske og testar negativt på massetestinga, samstundes kan det vere lurt å ikkje vere nær eldre og personar i risikogruppa inntil situasjonen er meir oversiktleg.

Alle naudsynte tiltak ovanfor dei smitta og deira nærkontaktar er sett i verk.
Foreldre som har born som bør halda seg heime frå skulen har fått særskild beskjed om dette.
Alle aktuelle personar, grupper, arbeidsplassar, fritidsaktivitetar m.m. som treng tiltak er altså varsla.

I tida fram mot jul og utover vinteren må me rekna med høgt smittetrykk.
Barn tolar covid-19-sjukdom godt. Det viktige er å hindra at dei førar smitta vidare til eldre og personar i risikogruppa.

Det er sidan mars 2020 påvist totalt 67 smitta med opphaldadresse i Samnanger. Ein gjer merksam på at FHI (Folkehelseinstituttet) opererer med andre smittetal.
Dette skuldast at FHI inkluderer smitta folkeregistrerte personar i Samnanger som ikkje bur i kommunen.
På grunn av høgt smittetrykk i Samnanger, har kommunen vedteke lokal forskrift om bruk av munnbind og registrering av gjester på serveringsstadar.

Her finn du oversikt over reglar og tilrådingar:
- Smittevernreglar og tilrådingar for Samnanger