Fem nye smittetilfelle i Samnanger
Det er pr. måndag 15.11.2021. kl. 17:00 påvist fem nye smittetilfelle i sidan førre utbrotsoppdatering søndag 14.11.2021.
To av dei smitta er vaksne som ikkje setjast i samband med med utbrotet på barneskulen. To er elevar i 7. klasse og ein er elev i 4. klasse.
Det er fram til no påvist til saman 20 smittetilfelle i Samnanger sidan søndag 07.11.2021. 16 av desse er knytt til utbrotet som hadde sitt utgangspunkt på barneskulen. Fire personar er smitta via annan smitteveg og har ikkje noko med utbrotet å gjera. 5 av dei smitta er no ute av isolasjon, medan 15 fortsatt er isolerte.
Utbrotet på med utgangspunkt på barneskulen omfatter åtte elevar i 7. klasse, ein elev i 6. klasse, to elevar i 4. klasse, ein elev i 1. klasse og ein elev i 8. klasse på ungdomsskolen. To er nærkontaktar og to andre har tilknytning til elevane. Ein av dei smitta er tilsett i Vassloppa barnehage.
Barneskulen, Vassloppa barnehage og ungdomsskulen har innført målretta tiltak for å begrensa smitten.
Det er sidan onsdag 10.11.2021 ikkje påvist fleire smitta i tilknytning til barnehagen.
Det er sidan fredag 12.11.2021 ikkje påvist fleire smitta i tilknytning til ungdomsskulen.
Situasjonen er framleis oversiktleg, men det er risiko for at det vert påvist fleire smitta i Samnanger dei næraste dagane.
Alle naudsynte tiltak overfor Vassloppa, barneskulen, ungdomsskulen, dei smitta og deira nærkontaktar er sett i verk.
Alle andre aktuelle personar, grupper, arbeidsplassar, skular m.m. som treng tiltak er varsla.
Alle andre bør følgja dei vanlege smittevernreglane.
Me minnar om følgjande:
- Ha låg terskel for å halda deg heime og testa deg om du er sjuk med nyoppståtte luftvegssymptom.
For tida tilrår me òg følgjande:
- Hald avstand til andre der det er mogleg i det offentlege rom, helst ein meter
- Vurder bruk av munnbind om det ikkje er mogleg å halda minst ein meters avstand innandørs i det offentlege rom
- Vurder bruk av heimekontor når det er mogleg
- Reduser talet på nærkontaktar
- Husstandsmedlemar til smitta bør halde seg heime nokre dagar for å sjå om dei utviklar symptom
Sjølvtest kan ein få utlevert på legekontoret/teststasjonen om ein har symptom eller er beden om å testa seg av smittevernlegen.
Ver merksam på at me har begrensa antal sjølvtestar for utlevering. For andre grunnar til å testa seg må ein sjølv kjøpa test
Det er sidan mars 2020 påvist totalt 42 smitta med opphaldsadresse i Samnanger.
Ein gjer merksam på at FHI (Folkehelseinstituttet) opererer med andre smittetal. Dette skuldast at FHI inkluderer smitta folkeregistrerte personar i Samnanger som ikkje bur i kommunen.