HeimNyheiterFleire nye smittetilfelle i Samnanger

Fleire nye smittetilfelle i Samnanger

Det er påvist til saman ti nye smittetilfelle sidan 07.11.2021
Publisert: 11.11.2021
Sist endra: 11.11.2021

Det er påvist til saman ti smittetilfelle i Samnanger sidan sundag 7. november. Ni av desse er knytt til utbrotet på barneskulen.
I alt fem elevar på same klassetrinn, to nærkontaktar og to andre i tilknyttning til desse er smitta.
Ein av dei smitta er tilsett i Vassloppa barnehage.
Utover desse ni er det torsdag 11. november påvist smitte hos ein person som har ein annan smitteveg.

Me har altså eit utbrot med 9 smitta og i tillegg ein enkeltsmitta utanom.

Barneskulen og Vassloppa barnehage har innført målretta tiltak.
Situasjonen er framleis oversiktleg.
Det er risiko for at det vert påvist fleire smitta i Samnanger dei næraste dagane.
Alle naudsynte tiltak overfor Vassloppa, barneskulen, dei smitta og deira nærkontaktar er sett i verk. Alle andre aktuelle personar, grupper, arbeidsplassar, skular osb. som treng tiltak er varsla.
Alle andre bør følgja dei vanlege smittevernreglane.

Me minnar om følgjande:
• Hald deg heime og test deg om du er sjuk med nyoppståtte luftvegssymptom
For tida tilrår me òg følgjande:
• Hald avstand til andre der det er mogleg i det offentlege rom, helst ein meter
• Vurder bruk av munnbind om det ikkje er mogleg å halda minst ein meters avstand innandørs i det offentlege rom
• Vurder bruk av heimekontor når det er mogleg
• Reduser antal nærkontaktar

Sjølvtest kan ein få utlevert på legekontoret/teststasjonen om ein har symptom eller er beden om å testa seg av smittevernlegen. For andre grunnar til å testa seg må ein sjølv kjøpa test.

Det er sidan mars 2020 påvist totalt 37 smitta med opphaldadresse i Samnanger.
Ein gjer merksam på at FHI (Folkehelseinstituttet) opererer med andre smittetal. Dette skuldast at FHI inkluderer smitta folkeregistrerte personar i Samnanger som ikkje bur i kommunen.