HeimNyheiterFleire smittetilfelle i Samnanger

Fleire smittetilfelle i Samnanger

Det vart 11.11.21 påvist totalt tre nye smittetilfelle i Samnanger
Publisert: 12.11.2021
Sist endra: 12.11.2021

Det vart 11.11.21 påvist totalt tre nye smittetilfelle i Samnanger
To av desse er elevar på barneskulen, og ein person er smitta via ein annan kjend smitteveg, og har ikkje noka med utbrotet på barneskulen å gjere.
Det er dermed påvist tilsaman tolv smittetilfelle i Samnanger sidan sundag 7. november.
Elleve av desse er altså knytt til utbrotet på barneskulen.
Utbrotet omfatter seks elevar på 7. klassetrinn, ein elev på 4. klassetrinn, to nærkontaktar og to andre i tilknyttning til desse.
Ein av dei smitta er tilsett i Vassloppa barnehage.
Barneskulen og Vassloppa barnehage har innført målretta tiltak.
Situasjonen er framleis oversiktleg.

Det er risiko for at det vert påvist fleire smitta i Samnanger dei næraste dagane.
Alle naudsynte tiltak overfor Vassloppa, barneskulen, dei smitta og deira nærkontaktar er sett i verk.
Alle andre aktuelle personar, grupper, arbeidsplassar, skular osb. som treng tiltak er varsla.
Alle andre bør følgja dei vanlege smittevernreglane.

Me minnar om følgjande:
• Hald deg heime og test deg om du er sjuk med nyoppståtte luftvegssymptom
For tida tilrår me òg følgjande:
• Hald avstand til andre der det er mogleg i det offentlege rom, helst ein meter
• Vurder bruk av munnbind om det ikkje er mogleg å halda minst ein meters avstand innandørs i det offentlege rom
• Vurder bruk av heimekontor når det er mogleg
• Reduser antal nærkontaktar

Sjølvtest kan ein få utlevert på legekontoret/teststasjonen om ein har symptom eller er beden om å testa seg av smittevernlegen.
For andre grunnar til å testa seg må ein sjølv kjøpa test.

Det er sidan mars 2020 påvist totalt 39 smitta med opphaldsadresse i Samnanger.
Ein gjer merksam på at FHI (Folkehelseinstituttet) opererer med andre smittetal. Dette skuldast at FHI inkluderer smitta folkeregistrerte personar i Samnanger som ikkje bur i kommunen.