HeimNyheiterFleksibel fakturering

Fleksibel fakturering

Tilbodet vil i hovudsak vere til kundar som har e-faktura, helst i kombinasjon med avtalegiro.
Kundane kan velje mellom å få faktura som i dag (4 gongar i året), månadleg eller årleg med forfall 20.02.
Ta kontakt med økonomikontoret på e-post kommunekassen@samnanger.kommune.no dersom du er interessert i å endre til månadleg eller årleg faktura. Me treng informasjon om namn på fakturamottakar og kva gards- og bruksnummer det gjeld.

Du treng ikkje ta kontakt dersom du framleis ynskjer å få 4 fakturaer i året.

Alle gebyr vert frå 3.kvartal 2022 fakturert med lik sum på kvar faktura.
3.kvartal vert overgangsperioden og feie- og tilsynsgebyr vil då bli fakturert med ¾ delar av årsgebyret. Det same gjeld slamavskiljar for fritidsbustad.

 

Nytt inkassosystem
Samnanger kommunen vil ta i bruk eit nytt inkassosystem. Kommunen vil frå no av krevje gebyr og renter på alle faktura som vert betalt for seint.


Sist oppdatert: 21.06.2022
Publisert: 21.06.2022