HeimNyheiterForskrift om smitteverntiltak i Samnanger

Forskrift om smitteverntiltak i Samnanger

Påbod om munnbind og registrering av gjester på serveringsstader blir innført 22.11.2021 kl. 00:00.
Publisert: 19.11.2021
Sist endra: 28.11.2021

Samnanger kommune har 19.11.2021 vedteke å innføra forskrift med påbod om følgjande smitteverntiltak, med verknad frå måndag 22.11.2021 kl. 00:00:

  • Skjenkestader, restaurantar, kafear, kantiner og andre serveringsstader skal føra oversikt over gjester. 
  • Plikt til bruk av munnbind på butikkar, kollektivtransport og i taxi. Kravet gjeld når det er fare for at det ikkje er mogleg å halda minst ein meters avstand, ut over kortvarige passeringar, til andre enn husstandsmedlemmer. 

Plikt til bruk av munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruke munnbind.

Forskrifta gjeld til og med 20.12.2021. Tilsvarande forskrift blir også innført i Alver, Askøy, Bergen, Bjørnafjorden, Vaksdal og Øygarden. 

Bakgrunnen for forskrifta er smittesituasjonen i Samnanger og Bergensområdet. Føremålet med tiltaka i forskrifta er å redusera smittetrykket og å unngå for stor belastning på helsevesenet. 

Trykk her for oversikt over smittevernreglar og tilrådingar i Samnanger

 

Forskriftstekst

Forskrift om smitteverntiltak i Samnanger kommune, Vestland

Heimel: Fastsett av ordføraren og rådmannen, i samråd med kommuneoverlegen i Samnanger kommune 19. november 2021 med heimel i lov 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsame sjukdommar § 4-1 jf. Samnanger kommune sitt delegeringsreglement punkt 14.2 bokstav a.

§ 1 Formål og verkeområde 

             Forskriftas formål er å fastsette smittevernfaglege tiltak for å hindre eller avgrense spreiing av SARS CoV-2 i befolkninga og blant helsepersonell, og for å sikre at tilstrekkeleg kapasitet i helse- og omsorgstenesta blir oppretthalde, slik at tenesta kan handtere smittesituasjonen og samtidig ivareta ordinære helse- og omsorgstenester, i periodar der smittetala er stigande eller høge.

Forskrifta gjeld i Samnanger kommune. 

§ 2 Skjenkestader, restaurantar, kaféar og kantiner

Skjenkestader, restaurantar, kaféar, kantiner og andre serveringsstader, skal føre oversikt over gjester. Namn og telefonnummer skal registrerast og i tillegg tidspunkt og dato for besøket. Gjester skal informerast om at ei slik oversikt blir skrive ned. Lista skal oppbevarast i tråd med krav til personvern, og skal slettast etter 14 dagar.

Kontaktopplysningane skal berre brukast for å bistå kommunen ved ei eventuell seinare smittesporing etter smittevernlova § 3-6. Liste over gjester skal på førespurnad frå smittevernkontoret sendast over i tekstformat, anten i ODF eller OOXML-format, i tråd med forskrift om IT-standardar i offentleg forvaltning.

§ 3 Bruk av munnbind

Når det er fare for at det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand, ut over kortvarige passeringar, til andre enn husstandsmedlemmer, skal det brukast munnbind på butikkar, i fellesareala på kjøpesenter, på kollektivtransport og i taxi.

Bruk av munnbind i taxi skal skje på følgjande måte: Munnbindet skal takast på før passasjeren set seg inn i taxien, og skal ikkje takast av før reisa er avslutta og passasjeren har gått ut av taxien. Plikta til å bruke munnbind gjeld tilsvarande for sjåfør når det er passasjer i taxien.

Krav om å bruke munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruke munnbind.

§ 4 Ikraftsetjing og varigheit

Forskrifta tar til å gjelde 22. november 2021 kl. 00:00 og gjeld til og med 20. desember 2021.

 

Forskrifta på lovdata.no