Framlegg til budsjett og økonomiplan 2022-2025
Formannskapet sitt framlegg (innstilling) til budsjett og økonomiplan 2022-2025 for Samnanger kommune ligg til offentleg gjennomsyn i perioden 16.11. - 02.12.2021.
Sak om budsjett og økonomiplan 2022-2025 vart handsama av formannskapet 11.11.2021. Endeleg vedtak skal gjerast av kommunestyret 02.12.2021. Formannskapet sitt framlegg (innstilling) er lagt ut til offentleg gjennomsyn i ekspedisjonen på kommunehuset og her på kommunen sine nettsider.
Formannskapet sitt framlegg (innstilling) til budsjett og økonomiplan 2022-2025 er basert på rådmannen sitt framlegg, men med nokre endringar. Oversikt over endringane finn du nedanfor.
Endringar i formannskapet si innstilling i forhold til rådmannen sitt framlegg
1. Endringar som følgje av Støre-regjeringa sine endringar i framlegg til statsbudsjett for 2022:
- Endringar i framlegg til budsjett vert lagt inn i budsjettet:
- Auka skatt og rammetilskot kr 1.402.000 i 2022.
- Redusert inntekt frå foreldrebetaling i barnehage kr 113.000.
- Tiltak skattevekst som landsgjennomsnittet i økonomiplanperioden vert tatt ut, kr 200.000.
- Midlar til DigiVestland vert lagt inn i budsjettet med kr 149 700 pr år.
- Utvida opningstid Formannskapssak 061/2021 vert lagt inn i budsjettet.
- Sal av sjukeheimsplassar vert redusert med kr 900.000 i 2022 og 1 mnok i 2023.
- Resterande vert sett av til disposisjonsfond.
2. Finansielle nøkkeltal:
- Årleg avsetning til disposisjonsfondet skal i gjennomsnitt vera minst 2 mnok i økonomiplanperioden.
- Disposisjonsfondet skal vera på minst om lag 15 mnok ved utgangen av økonomiplanperioden.
- Netto driftsresultat skal vera minst 0,23 prosent, men det skal arbeidast for å oppnå høgare driftsresultat enn dette i åra etter 2022.
Dokument til nedlasting - framlegg til budsjett og økonomiplan 2022-2025
- Rådmannen sitt saksframlegg til formannskapet 11.11.2021 (formannskapssak 068/2021)
- Rådmannen sitt framlegg til budsjett og økonomiplan 2022-2025
Vedlegg:
- Budsjettskjema (ajourført etter formannskapet si handsaming 12.11.2021)
- Budsjettversjonsrapport drift - tiltak (rådmannen sitt framlegg)
- Budsjettversjonsrapport investering - tiltak (rådmannen sitt framlegg)
- Detaljar oversikt valde driftstiltak (rådmannen sitt framlegg)
- Detaljert oversikt over driftstiltak som ikkje er valde (rådmannen sitt framlegg)
- Detaljert oversikt over valde investeringstiltak (rådmannen sitt framlegg)
- Detaljert oversikt over investeringtiltak som ikkje er valde (rådmannen sitt framlegg)
- Økonomianalyse 2020 - Samnanger kommune
- Eksempel på mogleg arbeid med resultat Kommunebarometeret
Andre saker/dokument med relevans for framlegget til budsjett og økonomiplan 2022-2025
- Kommunestyresak 093/2021 - Budsjett for kontrollarbeidet i Samnanger kommune 2022
- Formannskapssak 056/2021 - Budsjett for kyrkja 2022
- Formannskapssak 063/2021 - Budsjett for barnevernsutvalet 2022
- Formannskapssak 064/2021 - Husleige 2022 for kommunale bustader og andre lokale
- Formannskapssak 065/2021 - Budsjett 2022 for sjølvkost (vatn, avløp, slam og feiing)
- Formannskapssak 066/2021 - Gebyrregulativ 2022 - byggesaker, delingssaker, plansaker, matrikkellova, forureiningslova og tiltak i sjø
- Formannskapssak 067/2021 - Diverse kommunale avgifter og gebyr 2022