HeimNyheiterHøyring – Framlegg til budsjett og økonomiplan 2023–2026

Høyring – Framlegg til budsjett og økonomiplan 2023–2026

Framlegg til budsjett og økonomiplan 2023–2026 er lagt ut på høyring. Høyringsfristen er 24.11.2022.
Publisert: 11.11.2022
Sist endra: 14.12.2022

Formannskapet handsama 10.11.2022 rådmannen sitt framlegg til budsjett og økonomiplan for Samnanger kommune for perioden 2023–2026. Formannskapet vedtok der å leggja rådmannen sitt framlegg ut på høyring, med høyringsfrist 24.11.2022.

I tillegg vedtok formannskapet at til saman ni tilleggspunkt som vart sette fram i formannskapsmøtet 10.11.2022, skal leggjast ved som protokollmerknad til høyringa.  

Endeleg vedtak om budsjett og økonomiplan 2023–2026 vart gjort av kommunestyret 08.12.2022. 

Formannskapet sitt vedtak 10.11.2022

Formannskapet gjorde følgjande vedtak 10.11.2022: 

  • Framlegget frå rådmannen til budsjett og økonomiplan 2023–2026 blir lagt ut på høyring, og innkomne tilleggspunkt blir lagt med som protokollmerknad til høyringa.
Lenker til rådmannen sitt framlegg til budsjett og økonomiplan 2023–2026
Tilleggspunkt (protokollmerknad) frå formannskapet 10.11.2022

Tilleggspunkta som vart sette fram i formannskapsmøtet 10.11.2022 var følgande: 

Tilleggspunkt 1. Forslag til endring av budsjettvedtak. Sett fram av Odd Arne Haga, Framstegspartiet:
Pkt. 1 og 3 i rådmannen sitt forslag til vedtak vert endra til budsjett for 2023 eller blir teke ut av forslaget. F
rp kan ikkje stemme for 95 mill. til idrettshall på Lauskarmyra før kostnadene er verifiserte.

Tilleggspunkt 2. Skulemat. Sett fram av Odd Arne Haga, Framstegspartiet:
Forslag til Gratis skolemat.
Det skal fr
å 1/1-2023 innførast gratis skulelunsj til elevane ved Samnanger ungdomsskule minimum 2 gongar i veka. I tillegg skal det frå 1/1-2023 innførast gratis frukost kvar dag både på barneskulen og ungdomsskulen.
Skulelunsjen og frukosten skal finansierast som følgjer;
KIWI og SPAR leverer matsvinn til redusert pris, dvs. mat som er i ferd med å gå ut på dato. Bjørkheim
Kro og Milano skal også førespørjast.
Resten
vert teke av disposisjonsfondet

Tilleggspunkt 3. Styrketrening for eldre. Sett fram av Odd Arne Haga, Framstegspartiet:
Forslag til styrketrening av eldre person
ar over 70 år.
For at eldre over 70 år skal klar
e seg sjølve heime, unngå beinbrot, redusera demens, einsemd og redusere behovet for helsetenester skal alle som fyller 70 år få eit tilbod om personleg styrketrening minst ein til to gongar i veka frå 1/1-2023
Trening
a vert finansiert som følgjer;
E
igenbetaling etter evne.
Resten
vert teke av disposisjonsfondet.

Tilleggspunkt 4. Eigedomsskatt. Sett fram av Odd Arne Haga, Framstegspartiet:
Forslag til fjerning av eiendomsskatten.
All eiendomsskatt på hus og hytter skal fjernast fra 1/1-2023
Vert finansiert som følgjer;
Vert teke av disposisjonsfondet.

Tilleggspunkt 5. Vinteropen kunstgrasbane i Hagabotnane. Sett fram av Martin Haugen, Bygdalista:
Premiss nr. 12 vert tatt inn i budsjett for 2023. Det vert sett av 165 000 til brøyteutstyr 40 000 til ekstra årleg vedlikehald. Finansiering vert teken frå disposisjonsfondet.

Tilleggspunkt 6. Bubilparkering. Sett fram av Knut Harald Frøland, Bygdalista:
Det skal utarbeidast plan (tiltak, finansiering og framdriftsplan) for bubilparering på Bjørkheim nede ved Vågen. Dersom tiltaket ikkje lar seg utføre før ny områdeplan på Bjørkheim er vedtatt skal det inngå som del av ny områdeplan.
Rådmannen leverer sak til første kommunestyremøte i 2023.

Tilleggspunkt 7. Relativ fattigdom. Sett fram av Knut Harald Frøland, Bygdalista:
Kommunestyret ber rådmannen vurdere løysingar for å bekjempe relativ fattigdom i Samnanger kommune. Som del av dette arbeidet ber kommunestyret rådmannen vurdere følgjande løysing:
Kommunen opprettar ei ny teneste som skal kontakte familiar som lever med relativ fattigdom, der familiane blir møtte med stor respekt og forståing for at det er familiane sjølv som veit kva problem dei har. På grunnlag av møta med familiane skal det setjast opp tilpassa støttetiltak/handlingsprogram for den enkelte familie (startlån etc). Det skal i oppfølginga av familiar vere ei spesielt fokusering på økonomisk veiledning. Den nye tenesta får eit særskilt koordineringsansvar for å innvolvere kommunen
sine samla tenester til støtte for familiane som lever i relativ fattigdom.
Det skal i vurdering av løysingar for å bekjempe relativ fattigdom vere prioritet å nytte kommunen
sine tilgjengeleg ressursar, at det ikkje nødvendigvis skal medføre fleire tilsette.
Kommunestyret oppfordrar rådmannen til å hente kunnskap og inspirasjon frå «Familiepartner», ei løysing utvikla av SOS-barnebyer. Kommunestyret oppfordrar rådmannen til også å hente kunnskap og inspirasjon frå ReHabiliteringsklinikken v/Helse Bergen.
Rådmann
en leverer sak til kommunestyret våren 2023.

Tilleggspunkt 8. Ny kunstgrasbane i Hagabotnane. Sett fram av Knut Harald Frøland, Bygdalista:
Rådmann
en får i oppgåve å undersøkje moglegheiter for etablering av ny kunstgrasbane. 

Tilleggspunkt 9. Motorsportbane. Sett fram av Knut Harald Frøland, Bygdalista:
Rådmannen får i oppgåve å undersøkje moglegheiter for å etablere motorsportbane for trial og enduro i Samnanger. Rådmann
en leverer sak til kommunestyret i løpet av 2023.

Andre saker/dokument med relevans for framlegget til budsjett og økonomiplan 2023–2026
Innsending av høyringsuttalar

Alle kan gje høyringsuttale i denne saka. Høyringsuttalar må sendast til kommunen på ein av følgjande måtar: 

Høyringsuttalar må vera komne fram til kommunen seinast 24.11.2022.