Framskunda tidspunkt for vaksinedose 2
Samnanger har tilgang på rikeleg med vaksinedosar. Me tilbyr difor vaksinedose 2 på eit tidlegare tidspunkt enn etter dei ordinære12 vekene.
Kommunen vil prøva å ringja opp dei det gjeld. Men me ber også om at du som har fått dose 1 for meir enn 21 dagar sidan sjølv tek kontakt på koronatelefonen eller vaksinetelefonen. Du kan også senda sms til vaksinetelefonen (48997002) alle dager heile døgeret.
Forslag til tekst: Ynskjer framskunda vaksinedose 2 + namn + fødselsdato
Du vert så kontakta av vaksineteamet.