HeimNyheiterFramtidas Bjørkheim – folkemøte om endring av områdeplanen!

Framtidas Bjørkheim – folkemøte om endring av områdeplanen!

Samnanger kommune er i gong med å revidera områdeplanen for Bjørkheimsområdet, og planen strekk seg frå busstoppet ved Skottabakken til Lauskartjørna og Haukanesvegen. Me inviterer no alle interesserte til folkemøte om planarbeidet. Målet er å vidareutvikla ein tettstad med gode kvalitetar for alle innbyggjarane i Samnanger, og at Bjørkheim vert ein attraktiv stad å driva næring.

 

Det vert informasjon om det pågåande planarbeidet, og tid til spørsmål og diskusjon.

 

Dei mest sentrale tema for revisjonen/endringa er:

  • Fleirbrukshall
  • Trafikksikring og gode løysingar for mjuke trafikantar
  • Trygge koplingar mot fylkesveg 49
  • Vidareutvikling av sentrum
  • Gode rekreasjonsareal

Kart over området som planen gjeld for.

Kartet syner gjeldande områdereguleringsplan for Bjørkheimsområdet.

Vel møtt!


Sist oppdatert: 29.09.2022
Publisert: 29.09.2022