HeimNyheiterFriskus digitale aktivitetskalender

Friskus digitale aktivitetskalender

No kan frivillige lag og organisasjonar bruke Friskus aktivitetskalender for å kunngjere sine aktivitetar, både faste aktivitetar og arrangement.
Her kan frivillige lag og organisasjonar sjølve legge inn sine aktivitetar.

Det er om lag 120 kommunar som har teke i bruk Friskus. Mellom anna nabokommunane Vaksdal og Bjørnafjorden, og Kvam herad.
I Friskus kan ein sjå aktivitetar og arrangement i eigen kommune, og andre kommunar som bruker Friskus.

For at Friskus skal bli eit godt verktøy for innbyggarane i Samnanger er det viktig at alle bidreg til å bruke denne plattforma, både kommuneorganisasjonen og frivillige lag og organisasjonar.
Sjå www.friskus.no for aktivitetar i Samnanger.

 

Representerer du eit frivillig lag og vil bruka Friskus?

Trykk her for meir informasjon


Sist oppdatert: 09.09.2024
Publisert: 09.09.2024