HeimNyheiterFrivillige lag og organisasjonar: Invitasjon til dialogmøte om fritidstilskot til barn og unge

Frivillige lag og organisasjonar: Invitasjon til dialogmøte om fritidstilskot til barn og unge

Eining for kultur og eining for livsmeistring inviterer representantar frå frivillige lag og organisasjonar for barn og unge til orientering om den nye ordninga Fritidstilskot til barn og unge i Samnanger kommune.
Me ønskjer å nytta høve til å læra meir om kva tiltak som allereie vert gjort i frivillige lag og tiltak de ser det kan vera trong for i innsatsen for å motverka relativ fattigdom.
Eit ønskje og mål er at alle barn og unge i Samnanger kommune skal kunne delta i fritidsaktivitetar uavhengig av familien sin økonomi.

Me ser gjerne for oss minimum èin representant frå kvart lag/gruppe, og håper at dei fleste lag vert representert.

Dag og dato: tysdag 16.01.24
Klokka: 19.00-20.00
Stad: kommunehuset, kommunestyresalen

Velkomen!


Sist oppdatert: 09.01.2024
Publisert: 09.01.2024