HeimNyheiterGje nokon sommarjobb med støtte frå NAV

Gje nokon sommarjobb med støtte frå NAV

Mange unge står av ulike årsakar eit stykke unna arbeidsmarknaden. Med ein sommarjobb, vil dei kunne få verdifull jobberfaring og styrka moglegheitene sine i arbeidslivet.

Dersom du som arbeidsgjevar kan tilby sommarjobb til unge arbeidsledige, kan du no få støtte fra NAV:

  • Tiltaket er akutelt for personar mellom 16 og 29 år, som har fått vurdert frå NAV at det er behov for arbeidsretta bistand.
  • Støtta frå NAV dekker 50% av løna til deltakaren i inntil fire veker. For personar med nedsatt arbeidsevne dekker NAV 75 % av løna.
  • Det vert gitt tilskot i inntil fire veker per deltakar. Tiltaket må starta innanfor perioden 1. juni og 31. august.
  • Som arbeidsgjevar kan du sjølv finne kandidatar, eller så kan NAV hjelpe deg med å finne aktuelle kandidatar.

Les meir om tilskotsordninga her. 

 

Ta kontakt med ditt lokale NAV-kontor dersom du er mellom 16 og 29 år og ønskjer sommarjobb.


Sist oppdatert: 04.03.2022
Publisert: 04.03.2022