HeimNyheiterSend inn innspel til trafikksikringsplanen

Send inn innspel til trafikksikringsplanen

I samband med revisjon av trafikksikringsplanen, ønskjer kommunen innspel om farlege trafikkpunkt i Samnanger.
Publisert: 07.06.2022
Sist endra: 07.06.2022

Samnanger kommune skal gjere ein revisjon av trafikksikringsplanen (TS) for 2022-2025.

I denne samanhengen ønskjer me at alle som veit om farlege trafikkpunkt-/situasjonar, sender dette inn til kommunen som eit innspel til TS 2022-2025. I innspela ber me om at de brukar vegadresse eller markering i kart om mogleg, for at me lettare skal kunne finne tilbake til staden som er trafikkfarleg.

Innspel kan leverast fysisk i servicesenteret på kommunehuset, eller sendast på e-post. E-post kan sendast til postmottak@samnanger.kommune.no eller ole-martin.bruvik@samnanger.kommune.no. Skriv gjerne følgjande i emnefeltet: "Innspel TS 2022-2025".

Frist for å senda inn innspel er søndag 14. august 2022.