Høyring av forslag til endringar i lokal forskrift
Kommunestyret handsama 19.09.2024 ei sak om forslag til endringar i Samnanger kommune si forskrift om godtgjersle, dekking av utgifter m.m. for folkevalde.
Kommunestyret vedtok å leggja forslaget til endringar i forskrifta ut på høyring.
Alle har høve til å gje uttale i høyringa. Høyringsfristen er 24.10.2024.
Kommunestyret sitt vedtak 19.09.2024
Kommunestyret gjorde følgjande vedtak 19.09.2024:
- Rådmannen sitt forslag til endringsforskrift (endring av forskrift FOR-2020-12-03-3218 om godtgjersle, dekking av utgifter m.m. for folkevalde i Samnanger) blir lagt ut på høyring, med høyringsfrist 24.10.2024. Etter høyringsfristen skal saka tilbake til endeleg politisk handsaming innan utgangen av 2024.
Oversikt over føreslegne endringar
Det er laga eit eige dokument med oversikt over kva endringar det blir foreslått å gjera i kommunen si forskrift om godtgjersle, dekking av utgifter m.m. for folkevalde. Oversikta kan lastast ned nedanfor.
Oversikt over føreslegne endringar
Forslag til endringsforskrift
Høyringsforslaget til endringsforskrift kan lastast ned nedanfor.
Rådmannen si saksutgreiing
Saksutgreiinga til rådmannen kan lastast ned nedanfor.
Kommunen si gjeldande forskrift
Lenke til Samnanger kommune si gjeldande forskrift:
Kommunen si gjeldande (noverande) forskrift
Innsending av høyringsuttalar
Alle kan gje høyringsuttale i denne saka. Høyringsuttalar må sendast til kommunen på ein av følgjande måtar:
- E-post til post@samnanger.kommune.no
- Elektronisk gjennom løysinga eDialog
- I brev til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse
Høyringsuttalar må vera komne fram til kommunen seinast 24.10.2024.