Høyring av forslag til lokal forskrift om vass- og avløpsgebyr i Samnanger
Kommunestyret vedtok 25.04.2024 å leggja forslag til lokal forskrift om vass- og avløpsgebyr i Samnanger kommune ut til offentleg høyring, med høyringsfrist 05.06.2024. Saka kjem opp til ny handsaming i kommunestyret 18.06.2024.
Meir informasjon om høyringa finn du nedanfor.
Forslag til lokal forskrift om vass- og avløpsgebyr i Samnanger kommune
Forslag til lokal forskrift om vass- og avløpsgebyr i Samnanger kommune
Saksutgreiing m/vedlegg
Saksutgreiing:
Vedlegg til saksutgreiinga:
- Kopi av saksutgreiing kommunestyresak 23/2024 – Reglement Vatn- og avløpsgebyr for Samnanger kommune
- Kopi av saksutgreiing kommunestyresak 128/2023 – Påkopling Vatn og avløp, sal av vatn og overtaking av anlegg
- Brev frå Kommunal- og regionaldepartementet 10.05.2012
Vedtak i kommunestyret 25.04.2024
Kommunestyret gjorde følgjande vedtak 25.04.2024 i sak 36/2024:
Vedtak:
Forslaget til forskrift om vass- og avløpsgebyr i Samnanger kommune blir lagt ut til offentleg
høyring på kommunen si heimeside, med høyringsfrist 05.06.2024. Høyringa skal òg kunngjerast i Samningen. Endeleg vedtak skal gjerast av kommunestyret i juni 2024.
Send inn høyringssvar
Høyringssvar må vera skriftlege. Du kan senda eller levera høyringssvar på vegner av deg sjølv, ei verksemd eller ein organisasjon/tilsvarande.
Høyringssvar kan sendast/leverast på ein av følgjande måtar:
- e-post til post@samnanger.kommune.no
- via løysinga eDialog
- i brev til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse
- levera fysisk i servicesenteret på kommunehuset på Tysse
Høyringssvar må vera komne fram til kommunen seinast 05.06.2024.