HeimNyheiterNOA/Krafla - Høyring av søknad om konsesjon

NOA/Krafla - Høyring av søknad om konsesjon

NVE handsamar søknaden etter energilova og havenergilova. Som ein del av konsesjonsprosessen, har NVE sendt søknaden på høyring til regionale og lokale myndigheiter, interesseorganisasjonar og berørte partar. 

 

Søknaden og konsekvensutgreiinga er også lagt ut til offenleg ettersyn, med høyringsfrist 31. januar 2022.

 

Søknaden og konsekvensutgreiinga er å finna på NVE si nettside. Der kan ein også senda inn høyringssvar gjennom eit elektronisk skjema.

 

NVE ønskjer innspel til mellom anna:

  • Kva meiner høyringsinstansane om tiltaket?
  • Er konsekvensane godt nok utgreidde?
  • Har de forslag til justeringar av planane for å redusere moglege negative verknader av tiltaket?

 

Informasjonsmøte

NVE vil halde eit digitalt folkemøte torsdag 6. januar kl. 19.00. I forkant av møtet vil det bli lagt ut ei lenke for deltaking på saka si side på www.nve.no/7513/A. Meir informasjon om det digitale møtet vil òg bli lagt ut snarleg.


Sist oppdatert: 20.12.2021
Publisert: 20.12.2021